Ny prosjektdirektør for Bybanen utbygging

Arve Tjønn Rinde er tilsett som ny prosjektdirektør i Bybanen utbygging. – Dette er ein av dei jobbane som skapar og bygger Bergen. Det triggar meg, seier Rinde.

Portrett av person
BYBANEN: Arve Tjønn Rinde skal leie den vidare utbygginga av Bybanen i Bergen. Foto: Vestland fylkeskommune

Arve Tjønn Rinde kjem frå Statens vegvesen der han er prosjektsjef for E39 Aksdal – Bergen (Hordfast). Han er sivilingeniør frå bygg og anlegg med spesialisering innan konstruksjonsteknikk. Den nye prosjektdirektøren har etterutdanning innan strategisk leiing og gjennomføring av forhandlingar. Arbeidserfaringa hans er frå offentleg sektor, bygg og anlegg, og olje og gass.

Mange gode søkarar

Jostein Fjærestad, konstituert avdelingsdirektør for mobilitet og kollektivtransport i Vestland fylkeskommune, opplyser at det var mange gode søkarar til stillinga.
– Valet fall på Rinde fordi han har lang leiarerfaring og erfaring frå store utbyggingsprosjekt i regionen.  Vi er trygg på at han er den rette til å leie ein så framoverlent organisasjon som Bybanen utbygging, seier Fjærestad.
Rinde har òg vore prosjektsjef og tilbodsleiar for Sotrasambandet. No ser han fram til å leie den vidare utbygginga av Bybanen.

Viktig prosjekt for Bergen

– Bybanen er viktig for Bergen, og prosjektet har stor betydning for byen. Eg trivst godt med å gjennomføre krevjande og komplekse prosjekt. Bybanen har politisk dragkraft, skapar stor entusiasme og det er ekstra krydder i kvardagen å jobbe med noko som er omstridt og skapar debatt, seier Rinde.

Han har eit godt auge til Bybanen gjennom jobben han hadde med Sotrasambandet.

– Bybanen og Sotrasambandet har mange like utfordringar, og tilnærmingane er ganske like. Eg ser fram til å starte i jobben, bli nærmare kjent med mine nye kollegaer, prestasjonskulturen og arbeidet med neste fase av bybaneutbygginga, seier Arve Tjønn Rinde.

Rinde er opphavleg frå Vangsnes i Sogn, men er busett i Bergen. Han startar i den nye jobben 1. september.