Nominasjonsdryss for bybanestopp og sykkeltunnel
Haukeland sjukehus haldeplass langs Bybanen og gang- og sykkeltunnelen Fyllingsdalstunnelen har fått mange lovord sidan opninga. No er dei to Miljøløftet-prosjekta nominerte til fleire prisar, nasjonalt og internasjonalt.
Fylkesordførar Jon Askeland rosar Miljøløftet-samarbeidet mellom stat, fylke og kommunar som har gjort både linje 2 av bybanen og Fyllingsdalstunnelen mogleg.
Når gode krefter går saman
– Sjå til Bergen, sjå til Vestland! Sjå kva denne byen får til når gode krefter slår seg saman! Vi er stolte over at desse bidraga til ei god byutvikling i Bergen blir lagd merke til og får fagleg anerkjenning både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Dette er knall i padden! slår Askeland fast.
Miljøløftet er eit samarbeid mellom stat, fylke og fem kommunar i bergensområdet. Gjennom å byggje bybane, gang- og sykkelvegar og leggje til rette for at folk kan bu nærare kollektivknutepunkt, skal vi unngå at personbiltrafikken veks sjølv om folketalet gjer det.
Blir nominerte for arkitektur og lys
Både Fyllingsdalstunnelen og Haukeland haldeplass er nominerte til arkitektur- og byformingsprisen til Bergen kommune. Prisen blir delt ut for 13. gong i år, av rådet for byforming og arkitektur, med byarkitekten i spissen. Vinnaren blir kåra under Byutviklingskonferansen i Grieghallen 24. november.
Begge prosjekta er dessutan nominerte til Norsk Lyspris 2023, i kategoriane beste innandørsbelysning og beste utandørsbelysning. Norsk Lyspris er den gjævaste prisen for lysdesign og lysprodukt i Noreg, og blir delt ut av Lyskultur, det nasjonale kompetansenettverket for lysfaget og lysbransjen. Prisen blir utdelt på Lysets Dag 2023, på Vulkan i Oslo 15. november.
Konkurrerer om europeisk arkitekturpris
Haukeland sjukehus haldeplass er også nominert til den høgthengande Eumies Award 2024. Dette er ein pris for å heidre det beste av ny arkitektur i Europa. Seks norske prosjekt er nominerte, og Haukeland sjukehus haldeplass deler æra med mellom anna Nasjonalmuseet og Munchmuseet. Vinnaren blir kåra i april 2024.
I tillegg er Haukeland haldeplass nominert til Betongtavlen, ei utmerking som blir gitt til byggverk i Noreg der betong er brukt på ein miljømessig, estetisk og teknisk framifrå måte. Her blir vinnaren kåra 30. november.
For begge prosjekta er det dessutan sendt inn søknad om DOGA-merket, delt ut av Design og arkitektur Noreg.
Om Fyllingsdalstunnelen
Fyllingsdalstunnelen er den lengste tilrettelagde gang- og sykkeltunnelen i verda. Tunnelen har opna ei heilt ny ferdselsåre på tvers for gåande og syklande i Bergen. Per 8. november 2023 har nesten 200 000 passert gjennom tunnelen, rundt 130 000 syklande og 69 000 gåande.
Tunnelen har fått ei rekkje medieoppslag over heile verda, mellom anna denne artikkelen av David Zipper på Bloomberg.
Bruken av lys var eit viktig verkemiddel for å gi folk tryggleik og oversikt langs dei tre kilometerane. Lyset i tunnelen varierer gjennom heile fargespekteret, frå grønt i starten i Fyllingsdalen, til blått ved utgangen på Kristianborg. I midten er ein fargerik lysskulptur som også fungerer som eit solur, og benkar innbyr til å ta ein pause. Lysdesignet i tunnelen er gjort av Light Bureau for Bybanen Utbygging.
Om Haukeland sjukehus haldeplass
Haukeland sjukehus haldeplass er eit sentralt stopp langs linje 2 av Bybanen. Stasjonen ligg 30 meter under bakken, med tilkomme både frå Haukeland og Haraldsplass. Det spektakulære rommet med heisar og rulletrapper som fraktar passasjerar opp og ned frå Haukeland har fått stor merksemd, det same har mosaikk-kunstverket «Melkeveien» nede på perrongen. Stasjonen er ein av dei travlaste bybanestasjonane med over 4000 passasjerar i snitt dagleg.