Vestland fylkeskommune lyser ut 53 sommarjobbar for ungdom
Er du over 16 år og på jakt etter arbeid i sommar? Vestland fylkeskommune har no 53 ledige sommarjobbar. Arbeidet består mellom anna av vask og vedlikehald av skulebygga rundt om i fylket.

Alle som får tilbod om jobb må jobbe i minst tre veker mellom 1. juni og 1. september, og ein kan arbeide samanhengande eller i fleire omgangar/periodar.
Søkarar må vere over 16 år og snakke og forstå grunnleggande norsk. Tidlegare erfaring er ikkje naudsynt. Jobbane blir fordelte på heilt nye kandidatar og ungdom som tidlegare har hatt sommarjobb i fylkeskommunen.
– Lærerikt arbeid
Nils Endre Grønås er seksjonssjef ved drifts- og vedlikehaldsseksjonen i Vestland fylkeskommune. Han har erfaring med ungdommar på sommarjobb frå tidlegare, og ser fram til å ta inn ungdommar også i år.
– Det er lærerikt arbeid. Hos oss får ungdommane ikkje minst oppleve korleis det er å jobbe ein heil arbeidsdag. I tillegg får dei verdifull erfaring som kjem godt med når dei skal søke jobb i framtida, seier Grønås.
Over heile fylket
Stadane som er aktuelle for sommarvikarane i år er Arna, Austrheim, Bergen, Dale i Sunnfjord, Eid, Firda, Florø, Fusa, Førde, Høyanger, Kvinnherad, Manger, Måløy, Odda, Os, Osterøy, Sogndal, Stryn, Tertnes, Ulvik og Voss.