Låge lakselusnivå og nullvisjon mot rømming må vere overordna mål
Det er blant innspela som Vestland fylkeskommune no gir til Nærings- og fiskeridepartementet.

Fylkesutvalet vedtok i møte 28. november sine innspel til «NOU 2023:23 Helhetlig forvaltning av akvakultur for berekraftig verdiskaping», som er ute på høyring.
Utvalet som har laga rapporten har sett på korleis løyvesystemet for akvakultur bør innrettast for framtida. Forslaga dei kjem med byggjer på målsetjinga om å oppnå størst mogleg verdiskaping innanfor berekraftige rammer.
– Vi meiner at vedvarande låge nivå av lakselus og ein nullvisjon mot rømming av oppdrettslaks skal vere eit overordna mål. NOU-en er ikkje tydeleg nok på dette, og det er ein svakheit med utredninga, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Minst mogleg påverknad
Fylkesutvalet meiner at det må vere eit mål at havbruket påverkar miljøet minst mogleg, samstundes som eit havbruk med høg produksjon, verdiskaping og sysselsetting blir sikra.
– Dette inneber at næringa, det offentlege og forskingssektoren tar eit krafttak for å sikre eit berekraftig havbruk i framtida. Teknologien er komen langt. Med endå tydelegare krav og insentiv for å redusere negativ miljøpåverknad, er ein nullvisjon mot rømming og vedvarande låge nivå av lakselus i nær framtid ikkje urealistisk, seier Askeland.
NOU-en foreslår ei rekkje endringar. Desse gjeld mellom anna forslag som bidreg til betre arealplanlegging og betre lokalitetsstruktur, at selskapsløyve til andre artar enn laks, aure og regnbogeaure bør tidsavgrensast, og forslag som gir sterkare insentiv til å bidra til betre miljøtilstand og som fremjar utvikling og bruk av utsleppsreduserande teknologi.
Likebehandling
I sine til saman elleve innspelspunkt ber fylkeskommunen også om at det snarast må gjerast endringar i regelverket som gjev fortrinn til miljøteknologi, grunna berekraftsutfordringane i oppdrettsnæringa. Dei ber også om at mangfaldet i næringa blir sikra gjennom likebehandling av store og små oppdrettsselskap.
Her er innspela frå fylkesutvalet
1. Vestland fylkeskommune er nøgd med at NOU 2023:23 omhandlar sentrale problemstillingar og syner løysingsforslag til berekraftig vekst i akvakulturnæringa.
2. Vestland fylkeskommune meiner ein som overordna mål skal ha vedvarende lave nivå av lakselus og ein nullvisjon mot rømming av oppdrettslaks. NOUen er ikkje tydeleg nok på dette, og Vestland fylkeskommune meiner dette er ein svakheit med utredninga. Det må vere eit mål at havbruket påverkar miljøet minst mogleg, samstundes som ein sikrar eit havbruk med høg produksjon, verdiskaping og sysselsetting. Det inneber at næringa, det offentlege og forskingssektoren tar eit krafttak for å sikre eit berekraftig havbruk i framtida. Teknologien er komen langt, og med endå tydelegare krav og insentiv for å redusere negativ miljøpåverknad, er ein nullvisjon mot rø mming og vedvarende lave nivå av lakselus i nær framtid ikkje urealistisk.
3. Vestland fylkeskommune er samd i at kunnskapsgrunnlaget må bli betre, og støttar forslaget om å samle relevant kunnskap i ein felles digital infrastruktur.
4. Fylkeskommunen meiner at kommunane og fylkeskommunane er best eigna til ansvaret for planar i sjøområda, med bakgrunn i fagkunnskap, erfaring, legitimitet og eksisterande samordningsstrukturar.
5. Vestland fylkeskommune meiner det er eit behov for ei styrka og enklare ordning som motiverer til innovasjon og teknologiutvikling i næringane.
6. Berekraftsutfordringane i oppdrettsnæringa i Vestland viser at det snarast må gjerast endringar i regelverket som gjev fortrinn til miljøteknologi. Nærings og fiskeridepartementet kan opne for at nedtrekk i lakseproduksjon i «raude produksjonsområde» kan overførast til anlegg og lokalitetar med teknologi som ikkje bidreg til utslepp av lakselus. Dette bør skje allereie ved fastsetting av forskrift om kapasitetsjustering i 2024.
7. Bortfall av undervisningsløyve vil svekke dei vidaregåande skulane sitt undervisningsopplegg innan akvakulturfaget. Skulane nyt godt av inntekter frå ordninga, noko som gjer at dei kan styrke tilbodet innan yrkesfag totalt sett. Dette er ei inntekt som fylkeskommunen ikkje vil få kompensert om ordninga fell vekk. Ordninga bidreg også til eit tettare samarbeid mellom skulen og næringslivet, noko ein treng meir av i framtida. Ordninga med undervisningsløyve må vidareførast.
8. Ein bør vidareføre ordning med visningsløyver, men det bør vurderast å definere klare må for løyva, samt stille strengare krav til rapportering av måloppnåing.
9. Vestland fylkeskommune ynskjer å vidareføre dagens modell der fylkeskommunane er ein effektiv samordnar i kompliserte søknadsprosessar. Vestland fylkeskommune er usikker på kva utvalet legg i at alle akvakulturløyve bør tildelast av statlege styresmakter. Dersom forslaget berre omfattar statleggjering av den koordinerande rolle som fylkeskommunane har i dag, kan Vestland fylkeskommune vanskeleg sjå at dette vil gi ei meir effektiv og samordna forvaltning.
10. Vestland fylkeskommune ynskjer at dagens løyveprosess vert effektivisert ved at staten i større grad presiserer kva dei ulike statlege organa skal fatte vedtak om og gje uttale til.
11. I det vidare arbeidet med NOU 2023:23 ber Vestland fylkeskommune om at ei sikrar mangfoldet i næringa gjennom likebehandling av store og små oppdrettsselskap. For å leggja til rette for at små oppdrettsselskap kan utnytte produksjonspotensialet sitt foreslår Vestland fylkeskommune at små oppdrettsselskap kan ha rullerande gjennomsnitts-MTB. Dette vil også gi grunnlag for å forenkle og forbetre lokalitetsstrukturen. For å leggja til rette for meir foredling av laks foreslår Vestland fylkeskommune at det også blir innført ei ordning med sesongtilpassa MTB. Ordninga er bygd opp slik at MTB-grensa per tillatelse aukar om hausten fram til nyttår, og minkar om våren fram til mai i eit fast mønster. Det medfører ein bygger lager av laks i sjø fram mot nyttår og tek ut av lager etter nyttår. På denne måten vil opptaket av laks til foredling blir jamnare utover året og dermed sikrar ein meir foredling og høgare sysselsetting. Ein tilleggseffekt av Sesongtilpassa MTB er at det står mindre laks i merdane når villaksen vandrar ut.