Kulturlandskapsprisen til verdsarvsbøndene i Undredal

– Denne aller første Kulturlandskapsprisen i Vestland går til det framifrå arbeidet de gjer for å ta vare på verdiane i landbruket sitt kulturlandskap. Gratulerer så mykje, sa fylkesordførar Jon Askeland, då han delte ut prisen i Undredal.

Fylkesordføraren som deler ut prisen til dei sju prisvinnarane i Undredal ungdomshus.
DEN FØRSTE PRISEN: Fylkesordførar Jon Askeland delte ut den første Kulturlandskapsprisen i Vestland på ungdomshuset i Undredal. F.v. Atle U. Borlaug, Anna Elise Borlaug, Tormod Underdal, Trude Underdal, Erna U. Skarsbø, Bernat Alarcon Underdal. Foto: Kjersti Sognnes, Vestland fylkeskommune.

Med seg hadde han ein gåvesjekk på 30 000 kroner, blomar og diplom.  

På brattlente og arbeidskrevjande småteigar driv verdsarvsbøndene i Undredal aktivt landbruk med innovasjon og nytenking. Den landskapstilpassa drifta gjer at artsrike slåttemarker, beitemark, stølar, kulturminne og tradisjonar knytt til jordbrukslandskapet vert teke vare på. 

– Verdsarvsbøndene i Undredal er førebilete for andre i arbeidet med levande kulturlandskap og ved å ta vare på biologisk mangfald, tradisjonar og verdiskaping. Her inne i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap, delområde Nærøyfjorden tilbyr dei noko av det som er mest representativt for Vestland, og Noreg, si kulturhistorie, sa Askeland.

Folk som vandrer på grusvei utanfor gard i Undredal.
PÅ VANDRING: Før prisutdelinga var det vandring mellom gardsbruka i Undredal der gardbrukarane fortalte om drifta. Foto: Kjersti Sognnes, Vestland fylkeskommune.


Stort spekter

Verdsarvsbøndene i Undredal kjem frå seks ulike gardsbruk som vert drivne av Maria og Bernat Alarcon Underdal, Atle og Anna Elise Borlaug, Trude og Tormod Underdal, Erna Underdal Skarsbø, Nils Hjellum og Jannicke Hjellum. Dei arbeider med eit stort spekter av oppgåver - både grovforproduksjon, geitemjølk, ysting, storfe, kjøtproduksjon og grønsaksproduksjon for lokal levering.  

Før utdelinga av prisen 22. august fekk dei frammøtte oppleve ei vandring mellom bruka i Undredal, der gardbrukarane fortalte om drifta, og matservering på Undredal ungdomshus. 

Samarbeider om prisen 

Klima- og miljøprisen for landbruket i Vestland og Kulturlandskapsprisen i Vestland er eit samarbeid mellom fylkeskommunen og Statsforvaltaren i Vestland. Prisane skal gje auka merksemd rundt gode klima- og miljøvennlege tiltak i landbruket, i tillegg til auka merksemd rundt kulturlandskap og -verdiar. Dei to prisane er etablerte av fylkestinget. 

Bilete av Tormod og Trude Underdal
PRISVINNARAR: Tormod og Trude Underdal er to av dei som får den første Kulturlandskapsprisen i Vestland. Her står dei i den nye driftsbygningen dei held på å bygge. Foto: Kjersti Sognnes, Vestland fylkeskommune.


Dette er juryen 

Slik har juryen vore sett saman i 2023: 

  • Bonde- og Småbrukarlaga i Hordaland og Sogn og Fjordane v/ Anders Lundevold 
  • Seksjon for kulturarv, Vestland fylkeskommune v/Tore Slinning  
  • Seksjon for naturressursar, landbruk og reiseliv, Vestland fylkeskommune v/ Kjersti Sognnes 
  • Miljøavdelinga, Statsforvaltaren i Vestland v/Solveig Roald    
  • Landbruksavdelinga, Statsforvaltaren i Vestland, v/ Øyvind Vatshelle       
  • Vestland Bondelag v/ Andreas Wollnick Wiese                                                 
  • Institutt for miljø- og naturvitskap, Høgskulen på Vestlandet v/Leif Hauge 

Trude Knagenhjelm hjå Statsforvaltaren har vore sekretær for juryen.