Korleis kan musikk bidra til gode skulemiljø?
Og på kva måte kan musikk og helse bidra til integrering av flyktningar? Det er noko av det eit nytt samarbeidsforum skal finne ut av.
Fagområdet er kultur og helse, og det var fylkesutvalet som vedtok å opprette eit samarbeidsforum for kommunar og frivillige organisasjonar i møtet på Voss 28. november.
– Kultur og helse er eit fagfelt som kan vere med og løyse ulike utfordringar vi står overfor. Verdas helseorganisasjon har lagt fram dokumentasjon som syner effekten kunst og kultur har på helse, og føreslår at kultur- og helseorganisasjonane samarbeider meir. Det er det vi vil leggje til rette for med dette samarbeidsforumet, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Samarbeidsforumet skal auke kunnskap, styrke erfaringsdeling og samordne innsats.
Pådrivar for politikkutforming
Fagområdet kultur og helse er forankra i den regionale kulturplanen som fylkestinget vedtok i mars i år. Tittelen på planen er «Kultur bygger samfunn», og han legg til grunn at fylkeskommunen og kommunane må utvikle ein politikk og saman fremje kultur og helse i offentleg planlegging.
– Vestland fylkeskommune skal vere ein pådrivar for politikkutforminga på dette feltet. Men det er noko vi må gjere saman med både kommunane og andre samarbeidspartar. Målet er å styrke tilbodet i kommunane, og å bidra til utvikling gjennom samarbeid med spesialiserte fagmiljø, seier fylkesordføraren.
Vestland fylkeskommune samarbeider med fleire aktørar på feltet, blant anna Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi og Utviklingssenteret for sjukeheimar og heimetenester i Vestland.
Styrke fagområdet i eigne tenester
Fylkesutvalet vedtok også at fylkeskommune skal styrke arbeide med musikk og helse i eigne tenester. Blant anna er det behov for meir kompetanse om bruk av musikkterapi som det faste pedagogiske tilbodet knytt til psykisk helse på dei vidaregåande skulane.
– I tillegg vil vi kartlegge korleis musikk i skulen kan bidra til gode skulemiljø, og korleis det kan fungere som alternative meistrings- og læringsarenaer for elevane våre. Vi ønskjer også å styrke arbeidet med å utvikle kunnskap om fagområdet musikk og helse for å sjå korleis det kan brukast som verkemiddel for integrering av flyktningar, seier Askeland.