Kokkeelevar møtte internasjonale stjernekokkar
– Det er viktig å få internasjonale impulsar og møte andre kulturar, seier kokke-elevar på vg1 ved Fitjar vidaregåande skule. Dei er i Bergen for å lære meir om tørrfisk og lutefisk saman med internasjonale stjernekokkar.

På Damsgård restaurant i Bergen hadde elevane workshop, der Michelin-kokk Morten Klever er konsernsjef. I tillegg deltok internasjonalt kjende stjernekokkar frå Italia.
– Det er spennande å vere med på dette. Vi har hatt om tørrfisk og lutefisk på skulen og laga lutefisk før. På workshopen her skal vi lære meir om dette, seier kokkeelevane.

Norske vikingar med tørrfisk til Italia
Tørrfisk og lutefisk har lange tradisjonar.
– Det var dei norske vikingane som for 1000 år sidan kom med tørrfisken til Italia. Der har matrettar av den utvikla seg gjennom tidene. I dag har vi mange tusen oppskrifter. Vi lagar ikkje lutefisk i Italia, men brukar andre ingrediensar til å lage tørrfisken som oliven, olje, steinsopp og trøflar, seier kokkane Enzo Cannatà og Marco Divan.
Dei er veldig glade for å vere i Noreg og Bergen.
– Vi i Italia er glad i internasjonalt samarbeid og vise fram dei gode matrettane vi har utvikla over mange år. Vi er her i Noreg både for å vise kva vi kan lage av tørrfisk, men og for å lære korleis Noreg brukar tørrfisken, som å lage lutefisk. Vi er interessert i godt samarbeid med Noreg, seier Enzo Cannatà og Marco Divan.

Veldig kjekt
Elevane frå Fitjar vidaregåande skule var oppglødde over å møte norske og utanlandske kokkar på så høgt nivå.
– Vi er veldig interessert i å lage mat. Det er veldig kjekt å vere med på dette. Vi har fleire internasjonale prosjekt på skulen. Vi har vore ei veke i Tsjekkia med kokkeelevar der, og dei ha vore på gjenvisitt hos oss. Fleire av oss har og vore på utveksling i København. I mange år har skulen og hatt samarbeid med Italia, Cardiff og Edinburgh. Det er viktig å få internasjonale impulsar og møte andre kulturar, seier kokke-elevane Oliver Lamo, Emil-Mikal Kristiansen, Maja Sundhordvik. Sandra Elise Helland, Amita Kaewmalang, Nathalie Tufteland Vangsnes og Rode Sundhordvik.

Nye impulsar
Avdelingsdirektør Bjørn Lyngedal for opplæring og kompetanse oppmodar sterkt til slikt internasjonalt samarbeid.
– Dette er kjempespennande. Det er veldig viktig at vi har internasjonalt samarbeid, både der elevane våre reiser ut og får nye impulsar og der vi får besøk frå utlandet og lærer kvarandre å kjenne. Samarbeid om tørrfisk og lutefisk er spesielt interessant. Det er ein norsk matrett med veldig lange tradisjonar og er veldig populær. Det er viktig at elevane lærer å lage den og får innspel av italienske kokkar som kan utveksle erfaringar og lære oss andre måtar å bruke tørrfisken på.
Lyngedal har merka seg at elevar ved Fitjar vidaregåande skule gjorde det svært godt i NM for kokkeelevar i år.
– Fitjar er ein skule som har markert seg. Dei har god undervising og flinke elevar. Vi er glade for at det er så høgt nivå på kokke-elevane våre i Vestland. Dei er svært etterspurde i bransjen, seier avdelingsdirektør Bjørn Lyngedal.

Lære meir om lutefisken
Saman med kokke-elevane var lærar Anneli Stokke Mæhle og tidlegare lærar ved skulen, Margareth Tislevoll.
– Det er kjekt for elevane våre å få vere med på dette. Vi skal følgje dette opp neste skuleår der dei skal få lære meir. Å bruke tørrfisk i norsk kosthald har vore viktig i mange år og blir viktigare framover. Vi må ta vare på gamle norske tradisjonar. Lutefisk er så absolutt eit særnorsk fenomen. Ikkje mange andre lang bruker tørrfisken på denne måten. Det er grunn til at dei kjem hit frå utlandet for å lære om lutefisken vår, seier lærarane.
Anneli Stokke Mæhle er nøgd med søkinga til skulen.
– Tala frå inntaket i år syner at vi har aukande søknad til faget hos oss. Det er også lett å få læreplass. Alle elevane våre på vg2 i år har fått læreplass. Vi har mange læreplassar lokalt, men ein elev hos oss har og fått læreplass på Michelin-restaurant i Oslo.
Invitert til tørrfiskfestival i Italia
Besøket frå Italia i Bergen var så vellukka at dei italienske kokkane inviterte alle til Italia på ein stor tørrfiskfestival i juli i Calabria, heilt sør i Italia.
– Dette blir den første samlande tørrfiskfestivalen i Italia. Vi inviterer alle til å komme hit. Vi vil ha godt samarbeid med Noreg, seier stjernekokkane Enzo Cannatà og Marco Divan.