Klimaprosjekt på fylkesveg får 2,5 millionar

– Som ein av dei store aktørane innan bygg og anlegg har vi verkeleg rom for å påverke og redusere klimagassutsleppa i fylket, seier Dina Lefdal, direktør for infrastruktur og veg i Vestland.

Snødekt høgfjellslandskap, Gaularfjellet, blå himmel og sol i bakgrunnen. Oransje brøytebil køyrer mot oss og brøytar snø, nybrøyta veg strekk seg bakover i bildet.
MINDRE KLIMAGASSUTSLEPP: Drift av fylkesvegnettet står for mykje av klimagassutsleppa til Vestland, som vedlikehald og snøbrøyting på t.d. Gaularfjellet. No skal utsleppa talfestast og reduserast. (foto: Jim Flatland/Vestland fylkeskommune)

 

Vestland fylkeskommune startar to nye prosjekt for å redusere klimagassutslepp ved bygging og drift av fylkesveg etter tilskot på 2 536 000 kroner i Klimasats-midlar. 
– No set vi i gang prosjekt der potensialet er stort, seier Lefdal.

Vil ta utsleppsreduserande val

Ein betydeleg del av dei samla klimagassutsleppa til Vestland fylkeskommune kjem frå bygging og vedlikehald av fylkesveg og tilhøyrande infrastruktur.

I vegprosjekta er det i den tidlege fasen at handlingsrommet for klimagassreduksjon er størst.

– Dei største avgjerdene vert tekne i tidleg fase, det er her moglegheitene er størst for å ta utsleppsreduserande val, seier Dina Lefdal.
– Difor søkte vi om midlar til å jobbe vidare og finne løysingar for dette.

Prosjektet «Klimagassreduserande tiltak i planfase» fekk 1 036 000 kroner i Klimasatsmidlar frå Miljødepartementet. Hovudmålet er at klimaomsynet skal vurderast og vektleggast i planfasen av alle fylkesvegprosjekt. Handlingsrommet skal undersøkast, og ein vil finne verktøy som fylkeskommunen og andre vegeigarar kan nytte i planfasen for å få utsleppsreduksjon i vegbygging.

Klimarekneskap for snøbrøyting og vedlikehald

Det er også knytt store klimagassutslepp til drifta av fylkesvegane, utan at vi i dag har verktøy som kan talfeste utsleppa eller peike ut dei største kjeldene.

Med prosjektet «Klimagassutslepp i driftsfase» vil Vestland freiste å utvikle eit verktøy for klimagassrekneskap i drifta, som er alt frå vinterdrift til vedlikehald og reparasjonar. Kartlegging og dokumentasjon av klimagassutslepp i heile driftsfasen vil syne behova for reduserande tiltak, som igjen kan følgast opp. Dette prosjektet fekk 1 500 000 kroner i Klimasatsmidlar.

Kjem fleire til gode

Eit utsleppsverktøy for driftsfasen vil ha stor overføringsverdi til andre fylkeskommunar og vegeigarar. Vestland er i kontakt med Statens vegvesen, Vestfold og Telemark, Agder og Innlandet fylkeskommunar som og vil bidra inn i prosjektet.

– Vestland har ambisiøse klimamål om å bli eit netto nullutsleppsfylke innan år 2030, og i Nasjonal transportplan er det lagt opp til at utsleppa skal ned med 50%.
– No brettar vi opp erma og tek til på desse spennande prosjekta innan fylkesveg, seier Dina Lefdal.