Jaktar på stadnamn frå heile fylket

Arnt Ola Fidjestøl og Karl Peder Mork er på jakt etter stadnamn frå alle delar av fylket, og dei vil gjerne ha lokal hjelp.

Arnt Ola Fidjestøl og Karl Peder Mork i arkivmagasinet på Leikanger.
TA KONTAKT: Arnt Olav Fidjestøl (t.v.) er seksjonssjef for seksjon arkiv i Vestland fylkeskommune, medan Karl Peder Mork er prosjektleiar for det store stadnamnprosjektet i Gloppen kommune. Dei er interesserte i stadnamn frå heile fylket og ber folk ta kontakt om dei sit på større eller mindre samlingar. (Foto: Eirik Yung/Vestland fylkeskommune)

Det store målet er å framstille stadnamn i Vestland heilskapleg og likt. Akkurat no går det føre seg eit stort stadnamnprosjekt i Gloppen kommune.

Ta kontakt om du har stadnamnsamling(ar)

– Dersom du til dømes driv jakt i eit område, så kan du truleg 100 stadnamn der du jaktar, sjølv om du gjerne ikkje tenkjer over det. Vestland fylkeskommune vil gjerne ha kontakt med alle som sit på store og små stadnamnsamlingar. Vi kan ta vare på namna og gjere dei tilgjengelege ved å få dei inn i samlingane våre og kartfeste dei, seier Karl Peder Mork, arkivar ved seksjon arkiv i Vestland fylkeskommune og prosjektleiar for prosjektet i Gloppen.

Han trur mange grendelag, bygdelag og privatpersonar gjerne sit på samlingar med stadnamn. Fylkeskommunen har dei tekniske løysingane for å ta vare på og gjere namna tilgjengelege, både kartløysinga stadnamndatabasen i fylkesatlas og eit eige webarkiv for stadnamn.

Språklege kulturminne og kjelder

Fylkeskommunen har også kontakt med fagmiljø på både universitet og i Språkrådet, noko som er vesentleg for det språkhistoriske aspektet.

– Stadnamn er språklege kulturminne og viktige språklege kjelder. Det kan til dømes vere ordformer som heng att i stadnamn, men som har gått ut av språket elles, fortel Mork.

Det pågåande stadnamnprosjektet i Gloppen har fått økonomisk støtte av Språkrådet og Gloppen kommune og er eit samarbeid mellom fylkeskommunen, kommunen og Gloppen Sogelag. Samarbeidet er ein styrke for prosjektet, og lokale informantar er heilt avgjerande for arbeidet.

Seks personar fotografert på trapp ute.
PROSJEKTGRUPPA: Desse utgjer prosjektgruppa i stadnamnprosjektet i Gloppen: bak frå venstre: Karl Peder Mork (Vestland fylkeskommune), Jakob Rønnekleiv, Arvid Jordanger og Ove Eide. Framme frå venstre: Birte Fossheim (kultursjef i Gloppen kommune) og Sverre Folkestad (leiar i Gloppen sogelag). (Foto: Gloppen kommune)

Engasjement og diskusjonar det viktigaste

Utgangspunktet var at det fanst materiale frå fleire innsamlingsprosjekt i Gloppen på 1900-talet. I 1985 samla Sogn og Fjordane fylkeskommune inn stadnamn frå heile fylket i ein felles database, og publiserte dei i kart på fylkesatlas.no. Gloppen er ein av få kommunar der dette arbeidet ikkje vart sluttført. Gloppen kommune har løfta stadnamn inn i kulturminneplanen sin og ønskte å fullføre arbeidet.

skjermbilde frå stadnamnkart, syner området Sogn og Fjordane med svarte og raude prikkar der det er kartfesta stadnamn.
KARTFESTA: Stadnamn frå store delar av tidlegare Sogn og Fjordane er kartfesta i fylkesatlas, men Gloppen var eitt av områda som mangla. Det andre store området utan kartfestingar er indre Sunnfjord.

– Ambisjonen vår er å framstille heile Vestland både heilskapleg og likt, slik at det blir mogleg å samanlikna stadnamn på til dømes Fedje og Bulandet. Eg tykkjer likevel det aller viktigaste er å skape engasjement og få i gang diskusjonar. Om vi er usikre på plasseringa av eit namn i første omgang, så får vi gjerne i gang ein diskusjon og får meir kunnskap i neste omgang. Vi opplever at det er eit stort engasjement, og at frivillige gjer ein stor innsats, seier Arnt Ola Fidjestøl, som er seksjonsleiar for arkiv i fylkeskommunen.

Avgjerande med frivillig innsats

I Gloppen-prosjektet gjer sogelaget og frivillige der jobben i den tidlege fasen av prosjektet. Dei samlar inn namn, kartfestar dei og gjer lydopptak og intervju med folk. Lokale informantar er heilt essensielle i dette arbeidet, og kanskje særleg for å sikre den lokale uttalen av namna i dei ulike delane av kommunen.

– Når denne første fasen er over, tek vi i fylkeskommunen over og behandlar materialet. Vi gjer den faglege delen med å få namna behandla filologisk, og vi digitaliserer og gjer materialet tilgjengeleg, seier prosjektleiar Mork.

Han vart tidlegare i vinter intervjua om prosjektet på NRK, og du kan høyre innslaget her.

Arnt Ola Fidjestøl og Karl Peder Mork ser og peikar på gamalt kart på bordet framfor seg.
GJER STADNAMN TILGJENGELEG: Fylkeskommunen har dei tekniske løysingane for å ta vare på og gjere stadnamn tilgjengelege for ettertida, både i kartløysinga stadnamndatabasen i fylkesatlas og i eit eige webarkiv for stadnamn. (Foto: Eirik Yung/Vestland fylkeskommune)

Mange har interesse av stadnamn

Målgruppene for stadnamnsamlingane er mange og varierte. Det kan vere privatpersonar som brukar det i til dømes forsking eller studiar. Det kan vere det offentlege som har interesse av det til dømes i samband med namngjeving av nye byggefelt og vegar. Eller Kartverket kan bruke det når dei behandlar skrivemåtar og anna.

Du kan lese meir om stadnamnprosjektet i Gloppen på fylkesarkivet.no.

Språkrådet har i vår lyst ut tilskot til innsamling av stadnamn, og der kan lokale aktørar, fylkeskommunale, kommunale og private, søkje om støtte innan fristen 1. mai.

Les meir om tilskotsordninga til Språkrådet på sprakradet.no.