Inviterer til konferanse om papirlause flyktningar i Vestland

Vi samlar representantar frå forsking- og utviklingsmiljøet ved Universitetet i Bergen og Kirkens Bymisjon, og ser til Finland for å lære, på konferansen i Bergen 1. desember.

Gut som sit aleine med ryggen til.
PAPIRLAUSE: Vestland fylkeskommune inviterer til konferanse for å setje søkjelyset på situasjonen for papirlause flyktningar i fylket. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock)

Situasjonen for papirlause flyktningar i Vestland har vore tema i fleire politiske saker dei siste par åra. No inviterer Vestland fylkeskommune til ein konferanse for å setje lys på tematikken og få meir kunnskap.

Fleire dilemma

Konferansen er ei oppfølging av eit tverrpolitisk initiativ i fylkestinget.

– Vestland fylkeskommune ynskjer å setje søkjelys på aktuelle utfordringar og løysingar som gjeld dei papirlause migrantane. Vi erfarer at dette krev balanse mellom ålmenne samfunnsomsyn og den einskilde sitt behov for hjelp og grunnleggjande menneskerettar. Her finn vi mange dilemma. Mellom desse er tiltaka som har migrantane si helse for auge, men som samstundes kan utfordre innvandringsregulerande tiltak og økonomiske rammevilkår sette av statlege styresmakter, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Målgrupper for konferansen er tilsette i offentleg sektor, frivillige organisasjonar og andre som driv med relevant arbeid innan integrering.

Erfaringar frå Finland

Tema blir velferdstenester, helse og rettigheiter for papirlause. Det blir også eit innlegg med erfaringar frå ei reise til Finland. Representantar frå Kirkens bymisjon, Bergen kommune og Vestland fylkeskommune skal til Helsinki på «jobbskygging» no i november. Finland fekk ei ny lov 01.01.23 som gjev papirlause fleire rettar innan sosial- og helsetenesta, og det er dette den norske delegasjonen skal sjå nærare på. Dei deler erfaringar på konferansen i Bergen.

Det blir ei rekke innlegg på konferansen:

  • Henriette Sinding Aasen er professor ved Universitetet i Bergen med eit innlegg om Noregs menneskerettslege ansvar for situasjonen for dei papirlause.
  • Marry-Anne Karlsen er førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen og har blant anna forska på korleis helsevesenet i auka grad blir involvert i migrasjonskontroll.
  • Elisabeth Marie Strømme er førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen og har forska på migrasjonshelse og ulikskapar innan helse og tilgang til helsetenester. Ho er også fastlege og deler erfaringar frå både eige arbeid og eiga forsking.
  • Katrine Meisfjord er tiltaksleiar i Kirkens Bymisjon og har lang erfaring med arbeid for papirlause. Ho rapporterer frå «jobbskygginga» i Finland.
  • Kaia Brun og Rolf Vårdal frå Senter for migrasjonshelse skal snakke om korleis dei papirlause har det.

Politiske vedtak

Papirlause flyktningar er personar som er i Noreg utan opphaldsløyve. Dei kan ha fått avslag på tidlegare asylsøknad eller vere utanfor heile asylprosessen, altså at dei aldri har søkt asyl eller er registrerte av norske styresmakter. Mange av dei har ein svært vanskeleg livssituasjon. Papirlause barn har rett til ordinære helsetenester, men ikkje fastlege. Dei vaksne har ikkje same retten.

Fylkestinget har drøfta papirlause sin situasjon fleire gonger dei siste åra. Blant anna er det vedteke å utarbeide ei oversikt over papirlause i Vestland og utfordringane deira. Det er også gitt tilskot til transport til helsehjelp for papirlause.