Inntaket klart: Opprettar seks nye klassar

Alle som har søkt skuleplass på vidaregåande skular i Vestland har no fått svar på vigo.no i siste inntaksrunde. Vestland fylkeskommune opprettar i år seks nye klassar.

Elevar med pc på skule
SNART SKULESTART: Inntaket til dei offentlege vidaregåande skulane i Vestland er klart. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Fylkeskommunen har i år registrert og behandla 21 825 søknader til dei offentlege vidaregåande skulane fylket. 19 601 søkjarar er tatt inn på ulike tilbod. Alle søkjarar med ungdomsrett har fått eit tilbod som er i tråd med søknaden, og til eit tilbod dei har rett til. 

83 prosent av alle søkjarar har, i tredje inntaksrunde, fått tilbod om den skuleplassen dei helst ville ha. Dette talet er uendra frå i fjor. Dei som har fått tilbod i Vigo takkar ja med å møte på skulen til skulestart. 

Seks nye klassar  

Det er i år oppretta seks klassar i løpet av inntaket. Dette har gjort at fleire søkjarar har fått eit tilbod dei har ynskja seg.

Dei seks klassane er alle på vg1 og fordel seg slik på skule og utdanningsprogram:

Stord vgs 

Elektro og datateknologi 

Fitjar vgs 

Helse og oppvekstfag 

Arna vgs 

Bygg- og anleggsfag 

Askøy vgs 

Elektro og datateknologi 

Askøy vgs 

Studiespesialisering 

Sandsli vgs 

Salg, service og reiseliv 


Det har i år vore stor etterspurnad etter skuleplass i Sunnhordland og inntaksområdet kring Bergen. Behovet har vore størst innan yrkesfaga.

Denne justeringa er gjort etter administrativ fullmakt. Etter justeringa har alle søkjarar med ungdomsrett på vg1 fått eit tilbod innanfor inntaksområdet sitt.

Møt fram til skulestart

Det er viktig at alle elevar møter på skulen til skulestart der dei har fått tilbod om skuleplass. Elevar som ikkje møter opp, mistar tilbodet, og plassen går vidare til andre søkjarar. Informasjon om skulestart får elevane frå skulen. Den vil vere tilgjengeleg på nettsidene til skulane. 

Her er liste over ledige plasser ved dei vidaregåande skulane (pdf) 

Elevar som ønskjer plass på tilbod som er ledige, kan ta kontakt med den skulen dei ønskjer å gå på. 

Informasjon om skulestart

Dei vidaregåande skulane legg ut informasjon om skulestart på nettsidene sine. 

Finn skulen din