Grøne hurtigbåtar ei sjømil vidare

Fylkeskommunar langs kyst-Noreg har gått saman for å utvikle energieffektive hurtigbåtar med nullutslepp. Fire leverandørar er med vidare i tredje fase, med fire svært lovande løysingar.

Fire illustrasjonar av hurtigbåtar sett saman i ein bildecollage.
HURTIGBÅT: Desse fire designa til miljøvenlege hurtigbåtar er inviterte vidare til fase tre i prosjektet Fremtidens hurtigbåt. Leverandørar er LMG Marin og SES-X (øvst f.v.), Transportutvikling og ESNA (nedst f.v.). (Illustrasjon: Trøndelag fylkeskommune)

Vestland er saman med Nordland, Troms og Finnmark og Trøndelag fylkeskommunar i ferd med å utvikle hurtigbåtar for framtida. Eit felles fylkeskommunalt eigarselskap skal leie utviklinga av ein ny generasjon med nullutslepps hurtigbåtar.

– Prosjektet Fremtidens hurtigbåt har som mål å utvikle energieffektive hurtigbåtar med nullutslepp, som går minst like fort som dagens konvensjonelle båtar med minimum 30 prosent reduksjon i energiforbruket og som kan gå på dagens samband. Ved at vi leiar an i det grøne skiftet, kan vi bidra til at norsk industri og verftsnæring får eit fortrinn. Med vår teknologi- og industribakgrunn kan vi også ta ei global leiing i ei grøn industriutvikling i maritim sektor, slår styringsgruppeleiar Odd Inge Bardal, direktør for transport og infrastruktur i Nordland fylkeskommune fast.

Fire spennande prosjekt

Prosjektgruppa har i samarbeid med ei ekspertgruppe evaluert leveransane i andre fase. ESNA i Kristiansand, LMG Marin i Bergen, SES-X i Oslo og Transportutvikling i Narvik har både teikna, berekna og testa båtane sine i modellstørrelse. I tillegg er det gjennomført eit omfattande analysearbeid. Basert på evalueringskriteria og vekting av desse, har leverandørane oppnådd ein poengscore.

– Alle fire leverandørar blir inviterte til å vere med vidare i fase tre. Dette er teknologi som vil bli etterspurt globalt, med ein enorm marknad. At vi har fire svært spennande prosjekt som det blir jobba vidare med, vil gi norsk maritim teknologi eit løft, og kan bli eit av svara på verda store klimautfordringar, seier Jostein Fjærestad, konstituert avdelingsdirektør for mobilitet og kollektivtransport i Vestland fylkeskommune og Vestland sin representant i styringsgruppa i prosjektet

Revolusjonerande industri

Første fase i utviklingsløpet gav fleire spennande skisser på teikneblokka. I andre fase blei det bygd og testa ut hurtigbåtmodellar i to-tre meters størrelse. Felles er at alle prosjekta utviklar energieffektive skrog, som er ein føresetnad for å kunne lage fullverdige hurtigbåtar på nullutslepps drivlinje.

– Vi skal vere leiande og er midt i ein grøn revolusjon innan maritim industri og skipsbygging. Energieffektive skrog er ein nøkkelfaktor for å kunne lage fullverdige hurtigbåtar som går like langt og raskt som båtane gjer i dag. Viss ikkje vi gjer dette, så vil andre land gjere det i løpet av ikkje altfor lang tid, påpeikar Fjærestad.

Eit mogleg industrieventyr

Prosjektet Fremtidens hurtigbåt skal utfordre norsk maritim industri på å bygge nullutslepps hurtigbåtar med minimum 30 prosent reduksjon i energiforbruk. Gjennom neste fase i prosjektet skal heilt nye skrogdesign stresstestast. Målet er å bygge fullskala båtar som skal inn i ordinære ruter langs ein vêrhard kyst.

– Gjennom prosjektet vil vi avklare om vi snart kan sette krav til nullutsleppsfartøy i framtidige anbod, samstundes som teknologien blir utvikla og blir prismessig konkurransedyktig. Det kostar å utvikle ny teknologi. Men dette er også norsk verftsindustri si moglegheit til å ta ei leiande rolle globalt, avsluttar Odd Inge Bardal.