Godt økonomisk resultat for fylkeskommunen
Nok eit år med god skatteinngang og større kraftinntekter enn budsjettert gir pengar på bok for Vestland fylkeskommune. Årsresultatet viser at disposisjonsfondet aukar med 371 mill. kr etter at mindreforbruket i 2022 er lagt til.

– Vestland har kome godt gjennom dei krevjande åra med pandemi. Når næringslivet i fylket går godt, gjev dette høgare skatteinntekter enn vi rekna med. Kombinert med god økonomistyring og nøktern pengebruk i alle avdelingar har dette resultert i eit mindre-forbruk, som kan setjast av til viktige satsingar i åra framover, seier fylkesdirektør Rune Haugsdal.
Han framhevar den store innsatsen som tilsette har lagt ned for å levere gode tenester til innbyggjarane gjennom heile året. – Eg er stolt og takksam over den viktige jobben alle våre dyktige tilsette gjer kvar einaste dag for å utvikle Vestland, seier han.
Totalt gav skatteinngangen ei meirinntekt på 282 mill. kr i forhold til budsjett. Utviklinga i straumprisane gjorde også positivt utslag for konsesjonskraftinntektene, som enda 68 mill. kr over budsjett. Då er det teke omsyn til at det i 2022 er gjort periodiseringar mellom åra 2021 og 2022 i samsvar med revisjonsmerknad. Samla driftsinntekter var 16 813 mill. kr.
I 2022 var det budsjettert med avsetjing til disposisjonsfond på 111 mill. kr . I tillegg er mindreforbruket på 260 mill. kr lagt til disposisjonsfondet. Dette gjer at disposisjonsfondet er styrka med 371 mill. kr. Differansen mellom netto driftsresultat på 1 189 mill. kr og mindreforbruket er knytt til rekneskapstekniske forhold.
Samla driftsutgifter for Vestland fylkeskommune i 2022 var 14 680 mill. kr.
Merkar prispresset
Trass i godt resultat; også fylkeskommunen merkar presset frå aukande prisar og renter. På driftsbudsjettet viser dette seg særleg i kontraktane for fylkesvegvedlikehaldet, mens det på investeringssida har vore høg vekst på mange av innsatsvarene både for bygg- og vegutbyggingar.
Når det gjeld renteutviklinga, var denne i stor grad teken omsyn til i budsjettet, slik at det aukande rentenivået gjennom året ikkje fekk innverknad på resultatet. Med det høge gjeldsnivået som Vestland fylkeskommune har, vil det aukande rentenivået likevel medføre ytterlegare press på drifta dei komande åra.
– Pris- og renteutviklinga vert viktige faktorar å ha merksemd på framover. Aukande pris- og rentenivå kan gjere det nødvendig å vurdere investeringstempoet dei komande åra, påpeikar Rune Haugsdal.
Ambisjonar for grøn utvikling
Pandemien førde til vesentleg lågare inntekter i kollektivtrafikken både i 2020, 2021 og i 1. halvår av 2022. Staten kompenserte i stor grad fylkeskommunane sine inntektstap. Etter at pandemien var over, har trafikktala teke seg opp frå 2. halvår 2022 og er ved inngangen til 2023 om lag på tilsvarande nivå som i 2019.
– Vi er svært glade for at kundane er på god veg tilbake til buss, båt og bane. Eit godt utbygd og velfungerande kollektivnett over heile fylket gagnar både den einskilde og miljøet og er eit viktig satsingsområde for oss. Ved å investere i takstfrys og styrking av tilbodet er målet å auke bruken av kollektive transportmidlar ytterlegare i 2023, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Vestland var fyrste fylkeskommune som elektrifiserte ferjeflåten. Dette var startskotet for ei storstilt satsing på Vestland som grøn region.
– Vestland har verkeleg vorte episenter for grøn omstilling i Noreg og gått i front for utviklinga. Satsinga vår og resultata vi har oppnådd har fått internasjonal merksemd. No står nullutsleppsløysingar for hurtigbåtane for tur. Men utan statleg medverknad vert dette eit krevjande økonomisk løft for fylkeskommunen, både på driftssida og for investeringane. Difor må staten på bana med økonomiske midlar, så er vi klare til å gjere pionérjobben saman med verftsindustrien på Vestlandet, framheld fylkesordføraren.
Viktig «utviklingsmuskel»
Fylkeskommunen har høge ambisjonar for den vidare utviklinga av Vestland. I den regionale utviklingsplanen er det mellom anna mål om at Vestland skal vere det leiande verdiskapingsfylket i Noreg.
– Fylkeskommunen er ein viktig «utviklingsmuskel» i regionen. Vi er opptekne av å setje pengar i arbeid til beste for alle innbyggjarane i fylket, seier Jon Askeland.
I 2022 gav fylkeskommunen ekstra tilskot til viktige tiltak og aktivitetar innanfor både kultur- og næringsliv. Askeland viser vidare til at fylkeskommunen nyleg har sett av 500 millionar kroner til ekstra vegvedlikehald dei neste tre åra. Satsinga viser dei politiske ambisjonane for Vestland fylke.
– Målet er å ta igjen noko av det store vedlikehaldsetterslepet som pregar fylkesvegane og betre tryggleiken for trafikantane, understrekar fylkesordføraren.
Fylkeskommunen har dessutan fleire store skuleprosjekt under ferdigstilling/bygging, mellom anna i Førde og Norheimsund og på Stord og Askøy. Dette viser den fylkeskommunale satsinga innanfor opplæringsfeltet, der ein legg til rette for gode læreplassar i miljøvenlege og framtidsretta bygg. På same måte vert tannklinikkar fleire stader i fylket rusta opp.
Nøkkeltal for 2022
- Totale driftsinntekter: 16 813 mill. kr.
- Netto driftsresultat: 1 189 mill. kr (7,1%)
- Totale driftsutgifter: 14 680 mill. kr (ekskl. avskriving).
- Netto driftsutgifter for sektorane (mindreforbruk -/meirforbruk +):
o Opplæring og kompetanse 3 490 mill. kr (- 14,2 mill. kr)
o Mobilitet og kollektiv 2 896 mill. kr (- 9,8 mill. kr)
o Infrastruktur og veg 1 454 mill. kr (+ 40,4 mill. kr)
o Eigedom 557 mill. kr (- 14,0 mill. kr)
o Kultur og folkehelse 359 mill. kr (- 0,2 mill.kr)
o Tannhelse 303 mill. kr (- 1,2 mill. kr)
o Næring plan og innovasjon 204 mill. kr (- 2,4 mill. kr)
o IKT og digitalisering 193 mill. kr (+ 3,9 mill. kr)
o Organisasjon og økonomi 148 mill. kr (- 3,5 mill. kr)
o Politisk styring og kontrollorgan 55 mill. kr (- 7,4 mill. kr)
- Renter og avdrag på lån: 937 mill. kr, av dette 800 mill. kr i avdrag
- Investeringar: 6 008 mill. kr
- Netto gjeldsgrad: 89,8 %
- Lånegjeld: 15 238 mill. kr