Gir 9,6 millionar til berekraftig samfunnsutvikling

Aktivitetspark for ungdom, hagerom for dyrking i byrom og undersøking knytt til psykisk helse for heimebuande over 80 år. Det er berre noko av det som no får midlar frå Vestland fylkeskommune.

Oversiktsbilde av Førde sentrum med kunstmuseum og rådhus.
MEIR TRIVSEL: Sunnfjord Kommune får no midlar til eit prosjekt som skal legge til rette for auka trivsel og attraktivitet i Førde. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune.

– Vi er glade for å dele ut midlar til så mange gode søkarar. Prosjekta er gode bidrag til å nå måla våre for berekraftig samfunnsutvikling, både når det gjeld by- og stadutvikling, klima og miljøarbeid og sosial utjamning, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Midlane frå tilskotsordninga berekraftig samfunnsutvikling i 2023 går til 19 ulike prosjekt i heile fylket. Ordninga skal brukast til by- og stadutvikling, sosial utjamning av helseskilnadar, og til å mobilisere til klimaomstilling og nullutslepp. Dette for å skape tilgjengelege, inkluderande og trygge stadar der folk trivst, kjenner tilhøyrsle og stimulerer til aktive liv.

Meir liv i byrommet

Eit av prosjekta som no får 500 000 kroner er Sunnfjord kommune med prosjektet «Grøderike Sunnfjord - dyrking, matkultur, nettverk og samskaping». Kommunen ønskjer å legge til rette for auka trivsel og attraktivitet i ein fortetta Førde by. Byen har parkar og byrom som har potensiale til å få auka innhald og liv. Prosjektet ønskjer å auke engasjement for å skape noko i fellesskap, slik at dei kan bidra til eit meiningsfylt liv for fleire i samfunnet. For å få til dette vil dei skape attraktive hagerom for dyrking, nettverksbygging, samskaping og matkultur. Tilbodet skal vere tilgjengeleg, ha universell utforming, vere inkluderande og nært.

Aktivitetspark på smelteverket

Ullensvang kommune får 2 millionar kroner til prosjektet «Aktivitetspark Smelteverket, realisering fase 1». Dei har med støtte frå fylkeskommunen utarbeidd eit moglegheitsstudie for aktivitetspark på smelteverket i Odda. Prosjektet er svært ambisiøst og vil ta tid og kapital å utvikle. Prosjektet ønskjer å starte med skatepark. Dei vil med dette legge til rette for aktivitetar ungdom har etterspurd. Dei vil også gjere nokre av dei større infrastrukturgrepa som må til for framtidig, trinnvis utvikling.

Psykisk helse for eldre som bur heime

Bergen kommune får 280 000 kroner til prosjektet HiHealth, som skal auke kunnskapsgrunnlaget om heimebuande eldre over 80 år. Dei ønsker å undersøke forhold som gjeld psykisk helse, livskvalitet, einsemd og sosial ulikskap i helse og levekår. Dei vil også undersøke kor store konsekvensar fråfallet blant eldre respondentar i aldersgruppa over 80 år i folkehelseundersøkinga (FHUS) har for estimatet av einsemd, livskvalitet og psykiske plager. Prosjektet ønskjer å betre validitet til folkehelsedata om eldre i Bergen og betre metoden for datainnsamling i befolkninga.

Vil du vite kven fleire som har fått tilskot?

Du kan sjå lista over alle som har fått tilskot ved å gå i saksframlegget til sak PS 252/2023 frå møtet i fylkesutvalet.