Gir 9 millionar til å bygge ut breiband i Vestland
Vestland fylkeskommune deler no ut nye midlar til seks prosjekt i fire kommunar.

– Vi er glade for å bidra til å bygge ut den digitale infrastrukturen i heile fylket. Dette er ei viktig satsing for Vestland fylkeskommune som har stor betydning for både innbyggarar, næringsliv og offentlege tenester, seier Tor André Ljosland, leiar i hovudutval for næring.
Desse får midlar
Hovudutval for næring har vedtatt å delfinansiere midlar til utbygging av breiband i følgjande område:
- Oddadalen i Ullensvang kommune – 150 000 kr
- Sæle–Lindane i Sogndal kommune – 650 000 kr
- Eskingedalen–Eidsland - Flatekval i Vaksdal kommune – 1 500 000 kr
- Eimind og Follevåg i Askvoll kommune – 2 150 000 kr
- Holevik–Stavestranda–Mjåseth i Askvoll kommune – 2 429 000 kr
- Grimelia i Askvoll kommune – 2 500 000 kr
Midlar over statsbudsjettet
Tilskotet vert dekka med statlege breibandsmidlar og fylkeskommunale midlar frå budsjettet til plan, innovasjon og næring 2023. Summane er maksimaltilskot og kan bli justert når endeleg kontrakt for utbygginga ligg føre. Fylkeskommunen skal koordinere anbodsprosessen for dei aktuelle kommunane, før det blir inngått utbyggingskontraktar mellom den enkelte kommune og breibandsleverandøren som vinn anbodet.
Ny utlysing
Dette er andre gong fylkeskommunen deler ut midlar til breibandsutbygging i 2023. I mai 2023 tildelte hovudutval for næring midlar til breiband, alle midlar blei ikkje nytta og restmidlane blei lyst ut på nytt med søknadsfrist 30. august.
Midlane skal delfinansiere utbygging i område der det ikkje er kommersielt lønsamt å bygge ut, og gje betre dekning til hustandar og verksemder som i dag har under 100 Mbit/s-dekning.
Vil du vite meir, følg lenka og gå inn på sak PS 56/2023.