Fylkestinget vedtok tydeleg og offensiv arkivsatsing
Vestland fylkeskommune tek initiativ til å etablere eit felles regionalt arkivråd for både statlege, kommunale og private arkivinstitusjonar i fylket.
– Fylkeskommunen skal framover jobbe for å auke samarbeidet mellom dei ulike institusjonane. Målet er å vidareutvikle og styrke dei arkivfaglege miljøa i fylket. Slik kan vi få ei endå tydelegare stemme i det nasjonale arkivlandskapet og inn mot dei store statlege aktørane som Arkivverket og Nasjonalbiblioteket, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Fylkestinget behandla saka under møtet i Loen 14. juni.
Styrke samfunnsutviklarrolla
Det felles regionale arkivrådet skal vere eit viktig forum for å identifisere samarbeidstiltak som kan bidra til auka kvalitet og kostnadseffektivitet på arkivtenestene. Det skal også syte for ei regionalt samordna tilnærming til nasjonale aktørar og fellesløysingar, som blant andre Digitalarkivet.
– Vi ønskjer med dette å styrke rolla fylkeskommunen har som samfunnsutviklar, og jobbe for at heile arkivsektoren i fylket skal vere best mogleg skodd i møtet med den digitale transformasjonen som sektoren skal gjennom, seier fylkesordføraren.
Ambisjon om samordnande institusjon
Vedtaket om å etablere eit regionalt arkivråd vart gjort av eit samrøystes fylkesting. Eit fleirtal i fylkestinget vedtok også at Vestland fylkeskommune skal arbeide for å på sikt etablere Vestlandsarkivet. Det skal vere ein arkivinstitusjon som samordnar arkivarbeidet i Vestland fylke.
Prosessen vidare skal klargjere innhald i, omfang for og form på Vestlandsarkivet. For å få til dette er det viktig å først etablere eit samarbeid mellom arkivorganisasjonane.
Du kan lese meir om dette i saksframlegget til fylkestinget, sak 54/2023 i saklista på denne lenka.