Følg stor havsamling med kronprins og statsminister i nett-tv

Kronprins Haakon og statsminister Jonas Gahr Støre deltek når Vestland fylkeskommune og Bergen kommune inviterer til stor kraftsamling for havet måndag 17. april.

Fylkesordførar og byrådsleiar i Bergen i dress framfor Bryggen og Vågen i Bergen.
HAVSAMLING: Fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland, og byrådsleiar i Bergen, Rune Bakervik, er klare for ei kraftsamling om hav, under One Ocean Week 15.–21. april. (Foto: Asle Bentzen/Bergen kommune)

– Vi må løfte blikket. Vestland må vere vendt mot verda og ikkje vere seg sjølv nok. Vi skal samarbeide med naboane våre og med EU, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Kronprinsen helsar velkomen

Det vert to konferansar om havet i Håkonshallen måndag 17. april:

  • Regjeringa sin havkonferanse Norge og havet startar kl. 08.15 og blir sendt i nett-tv på regjeringa.no.
  • Klokka 14.30 er det klart for One Ocean Expedition Summit i regi av fylkeskommunen og Bergen kommune. Denne blir sendt på YouTube-kanalen til Bergen kommune.

Det er felles opning for begge konferansane. Etter at kronprins Haakon har helsa deltakarane velkomne, opnar statsministeren formelt Norge og havet-konferansen.

Ungdommen er med

På One Ocean Expedition Summit skal representantar frå næringsliv, forsking og styresmakter diskutere berekraft i havnæringane. Berekraft i havet dreier seg om komande generasjonar, og ungdomen blir difor også representert.

– Det er viktig at vi lukkast med å formidle kor viktig havet er. Fylkeskommunen skal bidra til å utdanne både unge og vaksne til å jobbe i havnæringane. Havområdet Noreg rår over er fem gonger større enn landarealet. På havet er vi ei stormakt. Det forpliktar, slår Askeland fast.

Oppsummering av forskarferd jorda rundt

Staatsraad Lehmkuhl har på jordomseglinga One Ocean Expedition henta inn forskingsbidrag, og mannskapa har gjort observasjonar undervegs. Dette skal brukast til å forske på miljøvern og berekraft i havet. Konferansen måndag blir ei oppsummering av observasjonar og funn gjort på forskarferda.

– Havet er enormt og vilt, men også sårbart. I havbyen Bergen har vi alltid levd av havet, reist på havet og tenkt på havet. No er det viktigare enn nokon gong at vi tek betre vare på havet, slik at folk i bergensregionen også i framtida kan leve gode liv med viktige arbeidsplassar i havnæringane, seier Rune Bakervik, byrådsleiar i Bergen.

Havveke 15.–21. april

Begge konferansane måndag er del av havveka i Bergen, som går fram til 21. april og som starta med heimkomsten til Staatsraad Lehmkuhl laurdag 15. april.

One Ocean Week mobiliserer næringsliv, akademia, det offentlege og befolkninga elles til ei veke med søkjelys på havet. Det blir mange aktivitetar, konferansar, fagleg innhald, møte og seminar. Det er også eit eige program for barn og unge og ei rekke aktivitetar og arrangement i Bergen sentrum.