Fleksibel billett skal få fleire til å reise kollektivt

– Vi har hatt ein vellukka prøveperiode med fleksibel billett i kollektivtrafikken. No vil vi utvide tilbodet til heile fylket, seier fylkesordførar Jon Askeland. Fylkesutvalet har vedteke å utvide tilbodet til alle soner for buss og bybane i Vestland frå årsskiftet.

Buss og busspassasjerer på bussterminal.
BILLEGARE: Fleksibel billett gjer det billegare å reise kollektivt i fylket. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Prøveordninga med fleksibel billett i kollektivtrafikken vart innført i mars i år for 1000 reisande i sone A. Fleksibel billett går ut på at prisen på enkeltbillett er avhengig av kor mange billettar ein har kjøpt siste 30 dagar, slik at ein for kvar billett får auka rabatt, inntil ein rabatt på 40 prosent.

– Prøveperioden syner at dei reisande opplever ein meir fleksibel og enklare reisekvardag. Dei er svært nøgde med fleksibel billett, og har blitt meir og meir nøgde, jo lengre dei har nytta tilbodet og fått stadig større rabatt. Alle som har brukt tilbodet, meiner at tilbodet må halde fram, seier Askeland.

Skal få dei reisande tilbake

Under pandemien gjekk tal reisande i kollektivtrafikken i Vestland kraftig ned.

– For å få dei reisande tilbake, har vi vurdert ulike tiltak. Målet med fleksibel billett er at vi skal få fleire til å reise kollektivt. Vi vil at dei som ikkje reiser så ofte at dei kjøper periodebillett, også skal få redusert pris. Modellen er slik at dei reisande skal tene opp rabatt, gjennom prinsippet jo meir dei reiser, jo billegare blir reisa. Dette skal stimulere til at fleire set vekk bilen og heller reiser kollektivt, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Opplever som premiering av gode val

Ei undersøking blant dei som nytta prøvetilbodet om fleksibel billett, viser at det er eit eigna tilbod for kollektivvanane deira. Dei seier at dei opplever fleksibel billett som premiering for å ta gode val.

Over halvparten av dei som reiste med fleksibel billett seier at dei reiser oftare enn før. I gjennomsnitt ni prosent meir.

Kan gje bortfall av inntekter

Innføring av fleksibel billett vil også føre til at fylkeskommunen tapar inntekter. Tapet pr. år er rekna ut til mellom 25 og 34 millionar kroner ved lansering til alle vaksne i alle soner for buss/bybane i Vestland, men då har ein ikkje inkludert ein eventuell auke av passasjerar som følgje av den nye billetten. Fylkesutvalet vedtok å gjere fortløpande justeringar av rabattmodellen for å halde inntektsbortfallet innafor skissert estimat, samt sikre best mogleg måloppnåing. Det er ein føresetnad at fylkestinget i desember løyver midlar til tiltaket i budsjettet for 2024.