Flaggar i solidaritet med det ukrainske folket

– Vi vil vise solidaritet med det ukrainske folket. Derfor har vi heist det ukrainske flagget på Vestlandshuset i dag, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Ukrainsk flagg på flaggstang mellom to store bygningar.
UKRAINA: Det ukrainske flagget vaiar på flaggstanga i det nye Vestlandshuset. Foto: Ole Vegard Skauge/Vestland fylkeskommune

I dag er det eitt år sidan Russland invaderte Ukraina. Mange flyktningar reiste frå det krigsherja landet og kom til Vestland.

– I dag viser vi støtta vår til det ukrainske folket. Vi vil vise respekt og medkjensle for alle offera i krigen. I Bergen har det i dag vore markering, med statsminister Jonas Gahr Støre og Bergen kommune. Der heiste vi det ukrainske flagget, hadde eitt minutt stillheit og den ukrainske nasjonalsongen vart framført, seier fylkesordføraren, som tok del der. Det ukrainske flagget vart heist i dag tidleg frå takhagen i det nyopna Vestlandshuset, og det var også markeringar ved dei vidaregåande skulane i Vestland.

Usikker og sårbar

Mange av flyktningane er busett rundt om på Vestlandet.

– Dei som har flykta frå krigen, er i ein usikker og særs sårbar situasjon. Dei treng å få all den hjelpa og støtta vi kan gje, og vi må syte for at dei får eit trygt og godt livsopphald her hos oss. Difor var vi raskt ute med tiltak. Mellom anna vidaregåande opplæring, seier Askeland.

Det er kommunane som har ansvar for det  konkrete butilbodet for flyktningane, men fylkeskommunen har eit overordna ansvar og rolle. Mange av flyktningane er unge i skulealder og har fått tilbod om opplæring. Gratis reise med kollektivtrafikken i Vestland, var også eit tilbod flyktningane fekk.

– Dette var tiltak som vi fekk særs raskt på plass. Alt i mars, berre ein månad etter invasjonen, starta vi opplæring for dei første 30 flyktningane på Tertnes vidaregåande skule. Etter kvart er dette tilbodet utvida til skular over heile fylket, alt etter kvar flyktningane er blitt busett. Framover må vi hjelpe ukrainarane til å delta i samfunnet, både i arbeid og fritid. Der har vi alle ei oppgåve, seier fylkesordføraren.

150 flyktningar har fått opplæring

Om lag 150 unge mellom 16 og 18 år har dette året fått opplæring på vidaregåande skular i fylket.

For at det skulle bli lett for flyktningane å reise, fekk dei gratis reise med kollektivtrafikken i fylket ved å vise det ukrainske passet. Etter kvart er dette endra slik at no får alle asylsøkarar, utan omsyn til kva land dei kjem frå, gratis reise.

– Dette har vi vedteke for å likebehandle alle flyktningar som kjem hit, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Til direkte naudhjelp i Ukraina, har fylkeskommunen gitt to millionar kroner.