Får 350 000 kr til å utvikle dagsturhyttene til «mikrokulturhus»

Riksantikvaren har løyvd 350 000 kr til eit samarbeidsprosjekt mellom Vestland og Rogaland fylkeskommunar. Stikkord er dagsturhytter, kulturlandskap og kunnskapsdeling.

dagsturhytta Synkenhytta i Høyanger
HØYANGER: Synkenhytta i Høyanger er ei av dagsturhyttene som er med i forprosjektet. Vasskraftutbygginga i Høyanger pregar og endra landskapet i området rundt hytta med oppdemming av vatn og tunnelar som leia vatn inn i magasina. Samanhengen mellom landskapet, kraftanlegga og industrien er tydeleg. (Foto: Magnar Egil Øren Gangsø) 

Prosjektet har fått namnet Knutepunkt for kunnskap, og hovudmålet er å utvikle dagsturhytter i KULA-område som arena for kunnskapsdeling om kulturhistoriske landskap. KULA står for kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse og er eit nasjonalt prosjekt for å synleggjere korleis busetjing, næring og ferdsle har prega landskapet.

I tillegg til dei 350 000 kr frå Riksantikvaren, har Sparebankstiftinga til Sparebanken Sogn og Fjordane løyvd 50 000 kr til prosjektet.

Små kulturhus i naturen

– Ønsket vårt er gjere KULA-landskapa til noko meir enn eit register og arealplanverktøy. Gjennom dette prosjektet blir det del av ei kunnskapsbasert oppleving, som ved å vere knytt til dagsturhyttene når ut til mange. Vi ønskjer at hyttene skal bli små «mikrokulturhus» ute i naturen, fortel David Aasen Sandved, seksjonssjef for kulturarv i Vestland fylkeskommune.

Hyttene har allereie eit nynorsk turbibliotek, og mange av dei blir brukte til kulturelle arrangement, men kulturlandskapsdimensjonen blir ny.

Fire område i Vestland

Prosjektet som no får støtte frå Riksantikvaren er eit forprosjekt som inkluderer elleve dagsturhytter, åtte kommunar og desse sju KULA-landskapa i Vestland og Rogaland:

  • Den indre farleia – Fiskarbondelandskap, lynghei og farlei (Alver og Austrheim)
  • Stadlandet – Det vêrharde lyngheilandskapet (Stad)
  • Selja – Helgensete, bispesete og klosteranlegg (Selja)
  • Høyanger – Vasskraftlandskapet (Høyanger)
  • Randabergkysten (Randaberg)
  • Ørsdalen-Kvitlen (Bjerkrheim)
  • Jelsa – Den historiske strandstaden (kulturlandskap av regional interesse i Suldal)

Dagsturhytteprosjektet starta i Sogn og Fjordane i 2016, men har sidan spreidd seg til heile Vestland og til fleire andre fylke, deriblant Rogaland.

Digital og analog kunnskapsdeling

Noko av målet med prosjektet Knutepunkt for kunnskap er å lage ein modell og ein portal for formidling og kunnskapsdeling av det kulturhistoriske landskapet knytt til den enkelte dagsturhytta. Heilt konkret vil de blitt sett ut skilt med informasjon og ein QR-kode, der folk kan gå på ei nettside og lese meir – og ikkje minst dele eigen kunnskap.

– Turgåarar kan dele kunnskap via digitale tenester, men det er viktig for oss at det også skal gå an å dele kunnskap analogt. Difor tek vi i bruk hytteboka. Der kan folk skrive inn historier frå området der hytta ligg, slik at andre kan lese, seier Atle Skrede, som er prosjektleiar i Vestland fylkeskommune.

Svært positivt med kunnskapsdeling

I grunngjevinga for tildelinga skriv Riksantikvaren at dei vurderer prosjektet som eit godt tiltak for å løfte opplevinga av og forståinga for KULA-landskapa som landskap av nasjonal interesse.

«Det er svært positivt at prosjektet legg vekt på kunnskapsdeling og ikkje berre formidling. Synleggjering av menneskas erfaringar og kunnskap med å bu og leva i eit landskap er eit svært viktig element i oppfølginga av landskapskonvensjonen.» skriv Riksantikvaren.