Ein trygg og betre kvardagsveg er opna i Øygarden

- Det vi markerer her no er ein hyllest til samarbeidet og det å sjå moglegheita. Det er nær sagt det folket her ute i Øygarden har med seg frå tidenes morgon – la nota gå, det er fisk i sjøen!

Mann som skjere ei snor og folk som står på kvar side.
VEGOPNING: Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland fylkeskommune skjere snora og markerte opning av utebetra veg mellom Beinastaden og Skogsvåg. Her saman med Tom Georg Indrevik, ordførar i Øygarden kommune (til venstre). Foto: Charlotte Villanger Nielsen

Med desse orda innleia fylkesordførar Jon Askeland markeringa av at fylkesvegen mellom Beinastaden og Skogsvåg no er utbetra, og at det er slutt på kaoset som har vore på strekninga gjennom fleire år.

Såg moglegheita

Fylkesvegen har gjennom fleire år vore små, hatt mykje trafikk og dårleg sikt for trafikkantane på fleire plassar. Prosjektet blei starta i august 2022, og etter eit raskt arbeid med prosjektering var altså vegen klar for opning av året etter.

Vegen er finansiert med tilskot over statsbudsjettet i 2020 med målet om å betre framkomst og auke konkurranseevna for næringstransport.

- Med å sjå denne moglegheita med «laksepengane» som låg framfor oss, så fekk vi til dette prosjektet. Fylket fekk meldt inn prosjektet til staten og finansiering av vegen blei eit spleiselag med fordelinga fylket (60%) og staten (40%), sa Askeland.

Få til meir i lag - raskt

-Det som er fantastisk er korleis vi kan få til meir i lag, og vi har fått til noko som er veldig mykje betre - raskt, og det er kvardagsvegane til folket i Øygarden, sa Askeland.

Fylkesordføraren roste også fagfolka på avdeling for infrastruktur og veg, kommunen og Vassbakk og Stol.

- Her har alle vore gode på å finne løysingar med naboar og takla ting som har skjedd undervegs. Dette er eit plussprosjekt fordi vi har jobba med noko som har gitt rask forbetring, seier han.

Tom Georg Indrevik, ordførar i Øygarden sa også at prosjektet viser at det er mogleg å gjere noko med «flaskehalsane» på fylkesvegen utan å måtte bygge en stor ny veg som ikkje hadde vore mogleg. 

To menn som tar kvarandre i handa.
VELVILLIGE GRUNNEIGARAR: -Utan velvillige grunneigarar så blir ikkje våre prosjekt gjennomført, seier ordførar Tom Georg Indrevik og overrekk ein bok om Øygarden kommune til grunneigar Svein Fjell som har gitt frå seg grunn til parkeringsplassen. Foto: Charlotte Villanger Nielsen

Bilistane har vore tolmodige

Prosjektet har gjort fleire utbetringar langs strekninga som til saman utgjer 1, 6 kilometer. Det er bygd ein gang- og sykkelveg over Krossleitet på om lag 700 meter. I tillegg er «Dalasvingane» utbetra slik at mjuke trafikkantar kan gå trygt og få sleppe å oppleve at store køyretøy må kutte svingen.

- Trafikkavviklinga har vore utfordrande, men bilistane har vore tolmodige og respektert entreprenørens arbeid, seier Gunhild Vangsnes, avdelingsleiar for planlegging og utbygging i Vestland fylkeskommune.

Ein person som står med ein mikrofon foran fleire folk.
MEIR FOR PENGANE: Gunhild Vangsnes, avdelingssleiar for planlegging og utbygging i Vestland fylkeskommune seier at dette er eit godt døme på korleis ein kan få meir for pengane. Foto: Charlotte Villanger Nielsen

Meir for pengane

Ho seier vidare at tungtransporten ofte blei ståande fast på vegen.

- No er dette løyst med at vi har senka toppen av vegbanen på Krossleitet med over to meter, utbetra feil helling av svingar og at det er full vegbreidde. Vi har i tillegg utvida parkeringsarealet til Fjell festning ved hjelp av eit stort overskot av steinmassar. Her har Øygarden kommune bidrege med midlar, overbygning og grunnerverv. Resultatet er blitt ein utviding med om lag 100 parkeringsplassar. Denne løysinga er eit godt døme på korleis vi kan få meir for pengane, seier Vangsnes.

Mann som står på plassen med gul jakke og folk rundt.
FRAMFØRAR SONG: Bjørn Lindstad, avdelingsleiar i Vassbakk & Stol framførte "Ola Tveiten" for forsamlinga. Foto: Charlotte Villanger Nielsen
Mange folk samlet foran en gravemaskin.
PROSJEKTGRUPPA SAMLA: Fagfolk frå byggherre, entreprenør og kommune som har sørget for at folket i Øygarden har fått ein trygg kvardagsveg. Foto: Charlotte Villanger Nielsen