Ein festdag for heile bygda og mjuke trafikantar

Tunellen frå 1965 er einaste tilkomst til Seimsdalen. I dag opna fylkesordførar Jon Askeland ein topp moderne og oppgradert Seimsdalstunell i Årdal, etter to og eit halvt års arbeid.

Fylkesordførar Jon Askeland og fleire barn foran tunellopninga
Fylkesordførar Jon Askeland opna Seimdalstunellen, i godt selskap av barnehagane som deltok (Foto: Heidi Lise Ravnestad /Vestland Fylkeskommune)

 Så kjekt at så mange tok turen i dag. Det er viktig at vi feirar nye vegar og tunellar fordi det understrekar den lokale funksjonen ved alt fylkeskommunen gjer, sa fylkesordføraren, og retta ei spesiell takk til barnehagane som deltok.

Fylkesordførar Jon Askeland opna den utbetra, moderne og trafikktrygge Seimsdalstunellen fredag 30. juni. Sidan 1965 har tunnelen tent bygda Seimsdalen godt, men behovet for ei oppgradering var stort. No kan billistar, syklistar og fotgjengarar endeleg ferdast side om side utan risiko.

Den nye tunnelen har eit eige felt for gåande og syklande, skild frå biltrafikken med betongrekkverk.

Eit nødvendig utbetringsprosjekt

Seimsdalstunnelen har vore prega av at han var bygd på 1960-talet. Tunnelen var for låg og smal, og behovet for eit betre tilbod for mjuke trafikantar har vore stadig veksande. Tiltak var etterlengta i lokalsamfunnet

Årdølene får som fortent, sa fylkesordføraren med glimt i auget.

Det var slett ikkje negativt meint, tvert i mot.

Årdal har fått ein heilt spesiell plass i hjartet mitt desse siste fire åra, seier han.

Prosjektet blei lyst ut sommaren 2020, og i oktober same år signerte Vestland fylkeskommune kontrakt med hovudentreprenør Bertelsen & Garpestad AS. Dei har hatt lokale entreprenørar med seg på laget. Dina Lefdal, avdelingsdirektør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune, er positiv til entreprenørane og ferdigstilling av prosjektet.

 Bertelsen & Garpestad og samarbeidspartnarane har gjort ein flott jobb. Å nærmast skulle drive fram ein ny tunell i ein gammal tunell, med trafikk som skal igjennom, er ei veldig stor oppgåve. Omfanget av denne jobben er vanskeleg å forstå, men når ein ser bilete av den gamle tunellen og samanliknar med den tunellen vi har bak oss her i dag, så får vi eit innblikk i forvandlinga som har skjedd, seier Lefdal

Dina Lefdal talar i ein mikrofon
Dina Lefdal, avdelingsdirektør for infrastruktur og veg talte til dei som feira opninga (Foto: Heidi Lise Ravnestad /Vestland Fylkeskommune)

Nye lys, ventilasjon og radiodekning

I tillegg til at køyrebana er auka frå 5,5 meter til 10,5 meter, er solen i tunnelen sprengt ut og senka for å gjere den høgare. Samla sett er det sprengt ut om lag 100 000 kubikk med stein, noko som tilsvarar 18 000 lastebil-lass.

Det er også trekt nye høgspentkablar gjennom tunellen. Lysa i tunelltaket er nye, det same er ventilasjonssystemet. Tunellen er sikra mot innsig av vatn og mot frost. Portalane er forlenga, og tunnelen har fått topp sikkerheitsutrusting, med brannvarslingsanlegg og havarilommer. Og som de sikkert har merka allereie – tunellen har fått radiodekning gjennom DAB, seier Lefdal.

Ros til Seimsdølene

Byggeprosessen har ikkje berre vore lett for innbyggjarane i Seimsdalen. I to og eit halvt år har einaste veg til bygda vore prega av kveld- og nattstengingar. Dina Lefdal rosar lokalsamfunnet.

 Eg vil nytte høvet til å skryte av seimsdølene. Dei har vore tolmodige gjennom to år med stengingar, spesielt i periodane der vegen var heilt stengd, med sjøvegen og båttransport på fjorden som har vore einaste ferdselsåre, sa Dina Lefdal

Barn sitt på vegkanta og følgjar med på opninga
Både små og store deltok på opningsmarkeringa av Seimdalstunellen (Foto: Heidi Lise Ravnestad/Vestland Fylkeskommune

Dei lange periodane med stenging både på dagtid og kveldstid har vore utfordrande, kanskje spesielt for ungdomane.

 Vi unner dykk fridomen når vi no pakkar saman anleggsmaskinene, og håpar den nye tunellen gjer at de no kan reise og leve livet slik de vil. Vi håpar at ein trygg tunell med gode moglegheiter til å gå eller sykle bidreg til å gjera Seimsdalen endå meir attraktiv i framtida, seier Lefdal.