Ber Mattilsynet gjere om vedtaket om nedskyting av geiteflokk

Hovudutval for kultur, idrett og inkludering meiner geiteflokken på Kvist i Høyanger må få leve, både av omsyn til den lokale kulturverdien og for å styrke bevaringsarbeidet for kystgeita.

geit ute i skogen
KYSTGEIT: Hovudutval for kultur, idrett og inkludering vedtok 22. mars ei fråsegn for å hindre nedskyting av geitestammen på Kvist i Høyanger. Bildet er eit illustrasjonsfoto og er ikkje frå denne geiteflokken. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock)

– Kystgeita er ein viktig del av den vestnorske kulturen, med ei lang historie med geitehald langs kysten. Vi ønskjer å sikre flokken som ein viktig del av Vestland sin levande kulturarv og styrke bevaringsarbeidet for desse geitene. Vi meiner Mattilsynet må gå i dialog med aktuelle aktørar for å dette til. Det bør blant anna lagast ein forvaltningsplan for å sikre genetisk mangfald og trygge dyrevelferda. Vi meiner vedtaket som nedskyting må trekkast tilbake, seier Stian Davies, leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering.

Bakgrunnen for fråsegna er Mattilsynet sitt vedtak om å avlive geiteflokken på grunn av utilstrekkeleg avlsmateriale.

Hovudutvalet vedtok denne fråsegna i møtet 22. mars

Utval for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylke ber Mattilsynet om snarast å omgjere vedtaket om nedskyting av geiteflokken på Kvist i Høyanger. Dette med omsyn i flokken sin lokale kulturverdi og som ressurs for å styrke bevaringsarbeidet for kystgeita.

I Noreg ligg forvaltinga av dei bevaringsverdige husdyrrasane under Landbruks- og matdepartementet, Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og Norsk genressurssenter. Kystgeit er ein bevaringsverdig husdyrrase, då rasen er truga, hovudsakeleg fordi det er få dyr som er spreidd på få besetningar. Frå eit bevaringssynspunkt er det difor ynskjeleg at rasen veks, både i tall på dyr og besetningar.

Klimaendringar har ført til lengre vekstsesong for plantar og tre, med påfølgjande attgroing av kulturlandskapa. Geitene på Kvist bidreg med å halde kulturlandskapet der ope.

Norsk genressurssenter si vurdering er at Kvist-geitene utan tvil er av interesse for bevaringsarbeidet for kystgeita. Kvist-geitene er ein tidlegare mjølkegeitebesetning (vestlandsgeit) som har gått under same vilkår som kystgeitene og dei har difor utvikla fleire eigenskapar (fenotype) som er samsvarande med kystgeitene. Kystgeitlaget på Stad (Selje) er også interessert i å få avlsmateriale frå Kvist-geitene til kystgeitene. Eit slik tiltak kan styrke kystgeitestamma og utvida kystgeitas genetiske breidde.

Mattilsynet har peika på at tamgeita får avkom om vinteren, Ein vil imidlertid kunne byggje ei utløe, ein geiteflor for å gje natte- og vinterly for husdyra på beite. Vestland fylkeskommune kan bidra med kompetanse på å sette opp ein tradisjonell geiteflor.

Uttalen oversendast Mattilsynet, med kopi til NIBIO, Norsk genressurssenter, Høyanger kommune og Sogndal kommune.