Anne Iren Fagerbakke ny avdelingsdirektør i fylkeskommunen

Anne Iren Fagerbakke tek over som ny direktør for mobilitet og kollektivtransport i Vestland fylkeskommune. Ho får med det ansvaret for eit svært viktig tenesteområde, der Vestland satsar offensivt på å ta i bruk klimavennleg teknologi og meir fleksible transportløysingar både i byar og distrikt.

To bybanevogner og et innfelt foto av ansikt.
TILBAKE TIL FYLKET: Anne Iren Fagerbakke er utdanna sivilingeniør frå NTNU og har lang leiarerfaring, mellom anna frå Hordaland fylkeskommune der ho var samferdselssjef. Foto: Iver Daaland Åse/Vestland fylkeskommune.

– Med Fagerbakke får vi ein leiar med solid kunnskap om fagområdet og stor forståing for behova til brukarane av tenestene.  I tillegg  har ho mange års erfaring med å jobbe i skjeringspunktet mellom administrasjon og politikk, som også er svært nyttig i stillinga, seier Rune Haugsdal, fylkesdirektør i Vestland fylkeskommune.

Han er trygg på at Fagerbakke vil halde hand om både oppgåvene til avdelinga og dei tilsette på ein svært god måte.

– Mobilitet og kollektivtransport er eit område som både politikarar og innbyggjarar har høg merksemd på og som er eit av dei viktigaste tenesteområda til fylkeskommunen. Med Anne Iren Fagerbakke får vi ein avdelingsdirektør som brenn for dette fagområdet og som har særs mykje erfaring i tillegg, seier Haugsdal.

Sivilingeniør og lang relevant cv

Anne Iren Fagerbakke er i dag kommunaldirektør i byrådsavdeling for klima, miljø og byutvikling i Bergen kommune.  Denne stillinga har ho hatt sidan 2013. Ho har også lang leiarerfaring frå mellom anna Hordaland fylkeskommune, der ho var samferdselssjef, og frå entreprenørbransjen. Fagerbakke er utdanna  sivilingeniør frå NTNU. Av arbeidserfaring har ho ein omfattande cv innan fagområdet ho skal jobbe vidare med i fylkeskommunen.

– Eg gler meg til å vere med på å utvikle dette viktige fagområdet som spelar så stor rolle for innbyggjarane i heile fylket, og eg ser fram til godt samspel med både tilsette og folkevalde, seier Anne Iren Fagerbakke.

Viktig ansvarsområde

Fagerbakke tek til i stillinga etter nærare avtale. Ho blir øvste leiar for avdeling for mobilitet og kollektivtransport, inkludert eininga Skyss. I tillegg til dei store kollektivoppgåvene knytt til bane, buss, båt og ferje har avdelinga ansvar for ulike løyve, TT-kort og skuleskyssordninga.