9,3 millionar til trafikktrygging

21 kommunar i Vestland får midlar til å gjere vegane tryggare.

Veg med grå asfalt og gul midtstripe, med biler som kjører. Vegen og rekkverket går innover i bildet mot en sving til venstre. I bakgrunnen er det fjell med litt snø på toppene, blå himmel og noen skyer.
TILTAK: Rekkverk kan vere eit eksempel på det kommunen kan søke om av tilskot til fysiske midlar. Kvart år deler Vestland fylkeskommune ut midlar. Foto: Morten Wanvik

Kvart år kan kommunar søke om midlar til fysiske trafikktryggingstiltak. I år kom det inn 69 søknadar frå 29 av fylkets 43 kommunar. Søknadssummen er på om lag 29 millionar kroner.  Tilskotsramma er på 9,3 millionar kroner.

— Alle tiltaka det er søkt om har vore gjennom ei fagleg vurdering, som mellom anna har sett på risiko, betyding for trafikktryggleiken og kost/nytte. Dei tiltaka som har fått midlar rettar seg i hovudsak mot mjuke trafikantar og utforkøyringsulykker, seier rådgjevar i Vestland fylkeskommune, Amalie Malmo.

Veg med grå asfalt og gul midtstripe, med biler som kjører. Vegen og rekkverket går innover i bildet mot en sving til venstre. I bakgrunnen er det fjell med litt snø på toppene, blå himmel og noen skyer.
TILTAK: Rekkverk kan vere eit eksempel på det kommunen kan søke om av tilskot til fysiske midlar. Kvart år deler Vestland fylkeskommune ut midlar. Foto: Morten Wanvik

Totalt vert det gjort framlegg om at 22 søknader får tilskot, og til 21 ulike kommunar. Tildelingssummen er frå 18 500 til 1 mill. kr.

Til samanlikning var det i 2021 53 søknader frå 27 kommunar, med ein søknadssum på om lag 20 mill. kr., og med ei ramme på 10,6 mill. kr. I 2022 var det 71 søknadar frå 27 kommunar, med ein søknadssum på om lag 29 mill. kr, og med ei ramme på 15, 2 millionar kroner.

Kommune  Omtale (kv er kommunal veg, fv er fylkeskommunal veg)  Tildeling (kr)
Alver  Kantsikring i Nordangervågen, kv.  725 000
Askøy Rekkverk, Krokåsvegen, kv.  133 500
Bremanger  Gang-og sykkelveg ved næringsområde, kv.  152 500
Gloppen  Gatelys i kryss, Åsavegen, kv.  322 500
Kvam herad  Gang-og sykkelveg med veglys, Fitjadalsvegen, kv.  1 000 000
Kvinnherad  Belysning, gangfelt, Rosendal, kv.  150 000
Luster  Utbetring av rekkverk, Sandvikvegen, kv.  60 000
Lærdal  Fortau, belysning, utbetre kryss, Lærdalsøyri, kv.  500 000
Samnanger Sikre skuleveg, kv. Gjerdsvegen.  500 000
Masfjorden  Betre tilhøva v/skule, fv.  1 000 000
Osterøy  Fartsdempande tiltak, kv.  87 500
Sogndal  Etablere skilje gangveg, kv.  100 000
Stord  Fortau med veglys, kv.  1 000 000
Sveio  Rekkverk, fv. 110 000 Tysnes Veglys, Dallandsbrekko, fv  500 000
Ullensvang  Veglys, Aga, kv. 30 000
Ullensvang  Fartsdemping, Røldal, kv.  50 000
Vaksdal  Redusert fartsgrense, kv.  18 500
Voss herad  Fortau, Lekvemoen, kv.  1 000 000
Øygarden  Einsidig busstopp, Torsvik  1 000 000
Årdal  Veglys, skuleveg, kv.  350 000 
    SUM 9 386 500