750-års jubileet for Landslova blir markert i 2024

Eit storstilt samarbeid er no signert for å sørge for at vår fyrste landslov blir markert skikkeleg, då den fyller 750 år til neste år.

Bilete av alle som signerte dokumentet.
SAMLA FOR Å SIGNERE: Partane i Landslovjubileet var samla på Vestlandshuset for å signere samarbeidsavtalen. Frå venstre: Eduardo Hans Andersen, byråd for kultur, frivillighet og inkludering i Bergen kommune; Ragnhild Jepsen, biskop i Bjørgvin bispedøme; Gottfried Greve, viserektor for innovasjon, satsinger og klynger ved Universitetet i Bergen; Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland; Elsa Aanensen, daglig leiar i Moster 2024 AS. Bymuseet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet og Statsforvaltaren i Vestland deltek som part i jubileet, men var forhindra til å signere i Vestlandhuset 31.8.23, og gjer det i neste møte.

Landslova vart til i Bergen i 1274, og mannen vi kan tilskrive æra for å ha fått den fram, er Kong Magnus 6. Håkonsson. Han fekk namnet Magnus Lagabøte fordi han stod bak fleire nye lover, og den mest omfattande er Landslova. Fram til 1274 var det fire landskapslover i Noreg, men frå dette året ble det for fyste gong ei samlande lov for heile landet. Landslova var den tredje riksdekkande lovboka i Europa, av totalt fire i mellomalderen. Lova var omfattande og regulerte tema som arv og eigedom, fattigomsorg, skatt og militærvesen.  
 
- Med Magnus Lagabøte si landslov var vi langt framme i Europa med lovgjeving. Lova hadde mykje å seie, ikkje berre for utviklinga av ein norsk mellomalderstat, men den regulerte også kvardagslivet til innbyggjarane. Deler av Landslova har vi teke med oss og den grip inn i liva våre no også 750 år etter at lova vart skriven, seier leiar av jubileumskomitéen og fylkesordførar Jon Askeland.  

To internasjonale forskarkonferansar 

Markeringa vekker merksemd langt utanfor våre eigne grenser, og forskarar frå fleire leiande mellomaldermiljø kjem til Bergen for å delta på to ulike forskarkonferansar.  

Crossroads of religion and law in the Conversion of Norway er den første, og den skal vere i aulaen på Universitetet i Bergen i april 2024,  i regi av Moster 2024. Det er ei tydeleg line i lovskapinga frå Kristenretten som vart vedteken på Moster på Bømlo kring 1024 og Landslova. Kristenretten ble innført på Mostratinget  kring 1024. Moster på Bømlo feirar difor 1000-års  jubileum for innføringa av kristenretten, og konferansen blir også ein del av Landslovjubileet.  
 
Den andre forskarkonferansen The Landslov of 1274 - Multiple Perspectives, er i regi av Universitetet i Bergen og skal også vere i aulaen på universitetet.  

Utstilling på Bryggens museum og Middelalderveke  

Landslovutstillinga på Bryggens Museum er eit hovedtiltak i jubileumsmarkeringa, og den er eit samarbeid mellom Bymuseet i Bergen, Universitetet i Bergen og Vestland fylkeskommune. For innbyggarane i fylket skal utstillinga på Bryggens museum gje kunnskap om lova og samfunnet den vart skapt og fungerte i. Utstillinga, opnar i mai 2024, og skal også gje grunnlag for aktualisering av viktige spørsmål om demokrati, medborgarskap og rettstaten. Unversitetet si årlege mellomalderveke i jubileumsåret vil og gje bergensarane og tilreisande eit glimt at Magnus Lagabøte si samtid. 

 Eit stort samarbeidsprosjekt   

Det er Vestland fylkeskommune som koordinerer jubileet, og sjølve prosjektet er leia av Anna Elisa Tryti, prosjektdirektør. Ho har berre lovord å seie om samarbeidspartane som torsdag 30. august signerte samarbeidsavtalen.  

Bilete av dokument
EIT KJENNETEIKN: Signeringsdokumentet brukar eit uttrekk frå den originale landslova og er eit kjenneteikn for Landslovsjuileet i Vestland. Foto: Hilde Mæland, Vestland fylkeskommune.

 
-Dette blir eit flott jubileum for Landslova, og eg er glad for at det er full oppslutnad om dette samarbeidet frå alle partnarane i jubileumskomiteen, seier Tryti. Partnarane er Universitetet i Bergen, Bymuseet, Høgskulen på Vestlandet, Bjørgvin bispedømme, Moster 2024, Bergen kommune, Statsforvaltaren i Vestland og Vestland fylkeskommune. 
 
Ho legg til at jubileet og vil bli markert av andre aktørar i fylket som vil ha sine lokale markeringar. Gjennom eit samarbeid mellom biblioteka skal innbyggarane i heile fylket lære meir om Landslova og bli med på 750- års markeringa. Det vert også tingsamlingar for ungdom og tilbod til skuleelevar, og programmet for dette blir klart på nyåret.