18 millionar til utbygging av breiband

Vestland fylkeskommune deler ut midlar som skal delfinansiere 19 prosjekt i fem ulike kommunar.

Miniatyrfigurer som arbeider med å sette i kabler på en ruter.
VIKTIG SATSING: Digital infrastruktur har stor betydning for både innbyggarar, næringsliv og offentlege tenester og er ei viktig satsing for Vestland fylkeskommune. Foto: Shutterstock.

Dette gjeld kommunane Ullensvang, Vaksdal, Eidfjord, Voss og Fjaler. Dei får midlar etter vedtak i hovudutval for næring.

– Digital infrastruktur har stor betydning for både innbyggarar, næringsliv og offentlege tenester i fylket. Derfor er dette ei viktig satsing for oss. Det gjer kvardagen enklare for innbyggjarane og gjer det mogleg for innbyggarane å ta i bruk alle digitale, offentlege tenester, seier Tor André Ljosland, leiar i hovudutval for næring. Han synes det er svært gledeleg å gi støtte til så mange gode søkjarar.

Ikkje kommersielt lønsamt

Vestland fylkeskommune disponerer midlar frå staten og eigne midlar som skal gå til breibandutbygging i fylket. Størstedelen av midlane kjem frå Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD). Midlane skal delfinansiere utbygging i område der det ikkje er kommersielt lønsamt å bygge ut, og gje hustandar og verksemder som i dag har under 100 Mbit/s breiband betre dekning.
 
Midlane blir tildelt i tråd med den nasjonale støtteordninga for breibandutbygging. Føremålet er å bidra til at alle husstandar og verksemder får tilbod om breiband med god kvalitet. Midlane kan også brukast til å auke kapasiteten på breibandet i område der marknaden ikkje leverer tilfredsstillande kapasitet.

Summane er maksimaltilskot og kan bli justerte dersom førebuing til konkurranse tilseier det, eller når endeleg kontrakt for utbygginga ligg føre. Fylkeskommunen skal koordinere anbodsprosessen for dei aktuelle kommunane, før det blir inngått utbyggingskontraktar mellom den enkelte kommune og breibandsleverandøren som vinn anbodet. 

Fleire prosjekt og ny utlysing

Hovudutvalet gav også fylkesdirektøren fullmakt til å jobbe vidare med fleire prosjekt for breibandsutbygging i område i Askvoll, Solund, Høyanger, Ullensvang, Voss og Modalen. Dei vil også  vurdere kva som er rett tilskotssum for dei ulike prosjekta.

Fylkeskommunen har fleire disponible midlar til breibandutbygging i Vestland i 2023. Desse vil bli lyste ut seinare i år. 

Vil du sjå lista over alle prosjekta som no får støtte?

Det finn du ved å klikke på denne lenka og gå inn i saksframlegget til sak PS 38/2023.

Innstillinga vart vedteken utan endringar.