12 millionar til utvikling av kulturlivet i Vestland

Hovudutval for kultur, idrett og inkludering har vedteke årets tildeling frå kulturelt utviklingsprogram, og i tillegg løyvd pengar til prosjekt og tiltak i profesjonelt og frivillig kulturliv, museum og bibliotek.

Oselvar blir til i Oselvarverkstaden.
OSELVAR: Oselvaren er ein trebåt som var svært vanleg langs sørvestkysten av Noreg i mange hundre år. På 1800-talet var oselvaren den dominerande småbåttypen langs heile kysten av Hordaland. No får Oselvarverkstaden 800 000 kr til utvikling av eit nasonalt oselvarsenter. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Kulturelt utviklingsprogram skal gje rom for større, utprøvande satsingar og blir delt ut ein gong i året. I år har hovudutvalet løyvd 6,7 millionar kroner til større og mindre prosjekt.

– Dette er ei ordning som er heilt essensiell for at fylkeskommunen skal kunne støtte opp om kulturutviklinga i Vestland. Kulturelt utviklingsprogram gir rom for nyskapande og målretta tiltak, på kulturlivet sine eigne premissar. Eg håpar og trur at også årets tildeling kjem til god nytte, seier Jacob Nødseth, leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering.

20 prosjekt får støtte

Til saman 20 prosjekt har fått støtte gjennom kulturelt utviklingsprogram i år. Mellom andre får Oselvarverkstaden 800 000 kr til utvikling av eit nasjonalt oselvarsenter. Teater Vestland får 500 000 kr til prosjektet Teater Vestland Utvikling, og Sogn og Fjordane folkemusikklag får 400 000 kr til prosjektet Folkedansspor.

Tildelinga frå kulturelt utviklingsprogram vart som i innstillinga frå avdelingsdirektøren, med denne endringa: Kyrkjekultur Vest AS får ei eittåring løyving på 100 000 kr. Dette vart dekka inn med å redusere tilskotet til Kappelankåken med 50 000 kr og tilskotet til Norges kulturvernforbund med 50 000 kr.

Innstillinga frå avdelingsdirektøren ligg på PS 165/2023 Kulturelt utviklingsprogram (KUP). Fordeling 2023 på denne lenka.

Prosjekt og tiltak – profesjonell kultur og kultur

Hovudutvalet vedtok i møtet 22. november også fordelinga av tilskot til prosjekt og tiltak i både det profesjonelle og frivillige kunst- og kulturlivet. Det vart løyvd 1 047 000 kr til prosjekt og tiltak i ordninga for profesjonell kunst og kultur. Tildelinga vart som i innstilling frå avdelingsdirektøren med desse endringane:

  • Tysnesfest får 30 000 kr i tilskot.
  • Løyvinga til Bergen Big Band sitt storbandkurs (post 8) blir redusert med 5000 kr.
  • Løyvinga til Bajazzfestivalen (post 10) blir redusert med 5000 kr.
  • Løyvinga til prosjektet «En latinamerikansk barokkjul» (post 16) blir redusert med 10 000 kr.
  • Løyvinga til «Columbiegg 2024» blir redusert med 10 000 kr.

Innstillinga frå avdelingsdirektøren ligg på PS 169/2023 Prosjekt og tiltak – profesjonell kultur og kultur – tildelingar hausten 2023.

Prosjekt og tiltak – frivillig kulturliv

Den samla tilskotssummen til prosjekt og tiltak i det frivillige kulturlivet var på 610 000 kr, og løyvingane til kvar enkelt søkjar varierte mellom 10 000 kr og 70 000 kr.

– Det frivillige kulturlivet er sentralt for å skape aktivitet i lokalsamfunna, og gje innbyggjarar i heile fylket høve til å delta i eit mangfaldig fellesskap. Det er store og små prosjekt som til saman er med på gjere Vestland til eit leiande kulturfylke, seier Jacob Nødseth.

Tildelinga vart som i innstilling frå avdelingsdirektøren med desse endringane:

  • Studentersamfunnet i Bergen får 25 000 kr til 90-årsjubileum.
  • UKEN i Bergen får 25 000 kr til Ukerevyen.
  • Løyvinga til Vestland musikkråd blir redusert med 30 000 kr.
  • Løyvinga til Flora historielag blir redusert med 5000 kr.
  • Løyvinga til Bergen ungdomslag Ervingen blir redusert med 15 000 kr.

Innstillinga frå avdelingsdirektøren ligg på PS 170/2023 Tilskot til prosjekt og tiltak – frivillig kulturliv. Fordeling hausten 2023.

1,5 mill. kr til museum

Hovudutval for kultur, idrett og inkludering løyvde også midlar frå tilskotsordninga museumsløft, som skal bidra til å utvikle dei konsoliderte musea i fylket som sterke kunnskapssenter og organisasjonar.

1,5 mill. kr vart fordelt på til saman fem museumsinstitusjonar. Blant anna får Bymuseet i Bergen 300 000 kr til restaurering av Urmakerhuset, og Hardanger og Voss Museum får 210 000 kr til restaurering av ei husmannsstove.

Innstillinga frå avdelingsdirektøren vart vedteken utan endringar, og ligg på PS 163/2023 Museumsløft 2023 – fordeling.

2,1 mill. kr til bibliotek

Tilskotsordninga for arenautvikling i biblioteka skal bidra til å danne rammer for moderne bibliotektenester. Her får seks bibliotek støtte frå Vestland fylkeskommune i denne tildelingsrunden.

Blant anna får Alver kommune 800 000 kr til innkjøp av bokbuss til Alver og Osterøy kommunar, medan Askøy kommune får 330 000 kr til oppgradering av lokale, og Stad kommune får 300 000 kr til prosjektet Stad bibliotek 2.0.

Innstillinga frå avdelingsdirektøren vart vedteken utan endringar, og ligg på PS 166/2023 Tilskot til arenautvikling bibliotek 2023.