– Å røyste er det viktigaste vi kan gjere for å påverke samfunnet
– Vi oppmodar alle unge til å røyste ved valet til hausten. Det er det viktigaste vi kan gjere for å påverke samfunnet. Det seier ni ungdomspolitikarar som har vore på samarbeidsmøte om kommune- og fylkestingsvalet, og skulevalet i samband med det.

Møtet var i Vestlandshuset i Bergen der dei ni ungdomspolitikarane møtte representantar frå avdeling for opplæring og kompetanse. Dei ni er kontaktpersonar for ungdomsorganisasjonane i dei ni partia som er representerte på Stortinget.
– Skulevalet er for, av og med ungdom. Det er demokratiopplæring som skal fremje medborgarskap og ytringsfridom. Det er viktig for å rekruttere ungdomspolitikarar, seier dei ni.
Koordinere skulevalet
På dette samarbeidsmøtet i Vestlandshuset vart rammene lagt om det som skal skje rundt skulevalet.
– Vi skal delta på skuledebattane på alle dei vidaregåande skulane i Vestland, både offentlege og private. Jobben vår som kontaktpersonar er at vi skal koordinere med våre lokale ungdomspolitikarar og fordele dei på dei ulike skulane. Vi reknar med at kvar ungdomspolitikar kan få med seg debattar på 10-11 skular. I tillegg skal vi ha valtorg på skulane med informasjon, seier dei.

Fremje engasjementet
Skuledebattane startar måndag 21. august og skal føregå i to veker fram til 4. september. Sjølve skulevala blir gjennomført 4. og 5. september. Ungdomspolitikarane er under 30 år og lokale. Alle dei ni er politisk aktive.
– Dette handlar om å fremje engasjementet hos oss unge. Det er eit viktig demokratisk prinsipp at vi ungdommar blir høyrde. Vi er veldig motiverte for skuledebattane og har så smått byrja på valkampen. Det er for seint å starte i august. Vi må starte no.
Ekstra røyst og slengarar
Dei ni ungdomspolitikarane ønskjer også at fleire unge skal blir valde inn i kommune- og fylkesting til hausten.
– Vi vil oppmode alle unge til å gje ekstra røyst til dei unge, både ved å krysse av på vallistene og å gje slengarar frå andre parti. Då kan vi få fleire unge inn i kommune- og fylkestinga.
Dei ni ungdomspolitikarane, som deltok på møtet, er: Nina Aga Haug, Arbeidarpartiet, Brage Bøe Ulstein, Sosialistisk Venstreparti, Matilda Svedberg, Miljøpartiet De Grønne, Kine Ellingsen, Høgre, Stine Fjellkårstad, Senterpartiet, Marius Hellan Hindenes, Venstre, Andrea Marie Moen Grini, Raudt, Sondre Harestad, Kristeleg Folkeparti og Magnus Thorsen, Framstegspartiet.
Resultatet av skulevalet blir offentleggjort samla for alle skulane i Vestland tysdag 5. september kl. 19. Valet til kommune- og fylkesting er måndag 11. september.