Vil ha større regional medverknad på tilskot til nasjonale kulturbygg

Fylkesutvalet ønskjer betre samsvar mellom nasjonale og regionale prioriteringar når det gjeld tildelingar til nasjonale kulturbygg.

foto av Urnes stavkyrkje, med fjorden og Solvorn i bakgrunnen
AVSLAG: Det kom inn sju søknadar frå aktørar i Vestland i søknadsrunden til statsbudsjettet 2022. Ein av dei var Fortidsminneforeningen, som søkte om ei løyving til verdsarvsenter ved Urnes stavkyrkje. Tiltaket fekk avslag på søknaden. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Kultur- og likestillingsdepartementet gir årleg investeringstilskot til nasjonale kulturbygg via statsbudsjettet. Fylkestinget har peika på utfordringa med liten regional medverknad i prioriteringane. No har fylkesutvalet vedteke ei fråsegn til departementet, der dei ber om sterkare regional medverknad. 

– For lite systematisk 

– Det er for lite systematisk slik det er i dag. Vi opplever at dei nasjonale prioriteringane binder opp fylkeskommunale midlar utan at vi har noko innverknad på det. Det gjer at våre eigne prioriteringar gjerne må vente, seier Natalia Golis, fylkesvaraordførar og møteleiar i fylkesutvalet 20. september.  

Eit konkret døme på korleis det verkar i dag er Gulatinget. Både Vestland fylkeskommune og Gulen kommune har prioritert Gulatinget i investeringsbudsjett. Men det blir stadig utsett fordi staten løyver pengar til andre prosjekt, og fylkeskommunen må då følgje på med midlar for å løyse ut dei statlege løyvingane. 

Omsyn til regionale prioriteringar 

I fråsegna ber fylkesutvalet Kultur- og likestillingsdepartementet kvart år om å sende liste over alle søkjarane frå fylket for uttale frå fylkeskommunane. Dei oppmodar departementet vidare om å ta omsyn til prioriteringane frå fylkeskommunen ved fordeling av tilskotet. 

– Vi ønskjer oss ei slik ordning for å kunne melde tilbake dei politiske prioriteringane som er nedfelt i regionale planar, strategiar, politiske vedtak, budsjettvedtak og anna. Då vil vi i mindre grad bli tvinga til å måtte prioritere i tråd med vedtak frå Stortinget, og i større grad i tråd med den vedtekne regionale kulturpolitikken vår, seier Golis. 

Nasjonale kulturbygg er institusjonar og tiltak som har ei nasjonal oppgåve, ein landsomfattande funksjon eller ein viktig landsdelsfunksjon innan kulturfeltet. 

Heile fråsegna 

Fylkesutvalet vedtok denne fråsegna til Kultur- og likestillingsdepartementet og kultur- og likestillingsministeren: 

  1. Vestland fylkeskommune ber Kultur- og likestillingsdepartementet ved Kultur- og likestillingsministeren om å legge til rette for større medverknad frå fylkeskommunane ved prioritering mellom søknader om tilskot til nasjonale kulturbygg. 
  2. Vestland fylkeskommune ber Kultur- og likestillingsdepartementet årleg om å sende liste over alle søkjarar frå fylket om tilskot til nasjonale kulturbygg for uttale frå fylkeskommunane. 
  3. Vestland fylkeskommune oppmodar Kultur- og likestillingsdepartementet og kultur- og likestillingsministeren om å ta omsyn til prioriteringar frå fylkeskommunane ved fordelinga av tilskot til nasjonale kulturbygg.

Meir informasjon i saksframlegget: Fråsegn: Tilskot til nasjonale kulturbygg og regional medverknad i prioriteringsprosessen