Ber statsråden vurdera vidare drift ved gasskraftverket på Mongstad

Fylkesordførar Jon Askeland spør om forlenga drift ved gasskraftverket på Mongstad kan vera ei midlertidig løysing på å unngå straumrasjonering i landets viktigaste verdiskapings- og eksportfylke.

Mongstad energiverk, sjø i bakgrunn.
FORLENGA DRIFT: Olje- og energidepartementet blir oppfordra til å revurdere stenging av gasskraftverket på Mongstad frå august.

Brevet til Statsråd Terje Aasland vedrørende stenging av Mongstad gasskraftverk har han skrevet saman med Baste Tveito, adm. dir.  Nordhordland Næringslag og Marit Warncke, adm dir. Bergen Næringsråd.

Me står truleg framfor ein enno meir krevjande energisituasjon til vinteren, og olje- og energiministeren har i sommar varsla mogleg straumrasjonering. Det er ingen grunn til å tvila på alvoret i situasjonen,  og den er verre sør i Europa. Energimarknaden, òg med tanke på klimautfordringane, er no i ein heilt spesiell situasjon og det krevst vidsyn for å finna best moglege løysingar på kort og lang sikt.

Me har ikkje kompetanse til å vurdera dei rette tiltaka for å unngå straumrasjonering,  den sit statlege styresmakter på.

Men, i denne situasjonen stengjer Equinor gasskraftverket på Mongstad den 30. august i år og parkerer gassturbinen.  

Statnett har vore ute med mild oppfordring til å drifta anlegget vidare, noko Equinor har avvist utan økonomisk kompensasjon. Kommunikasjonen mellom dei tyder på at Equinor kan vera villig til å forlenga drifta ved anlegget, men det må andre politiske verkemidlar til, enn det Statnett sit på. Altså har dei spelt ballen over til statsråden. Vi ber difor Statsråden vurdera og eventuelt avgjera om vidare drift ved gasskraftverket på Mongstad må til for å sikra kraftforsyninga vår.

Me er opptatt av at Vestland fylke har nok elektrisk energi til både næringsliv og private hushald til vinteren, og me meiner at styresmaktene, representert ved Olje- og energidepartementet må saman med Equinor finna ut om forlenga drift ved gasskraftverket på Mongstad kan vera ei midlertidig løysing på å unngå straumrasjonering her i landets viktigaste verdiskapings- og eksportfylke.