Vil få fleire på yrkesfag ut i lære
– Vi skal styrke overgangen frå vg2 til lære. I dag er det mange elevar som heller vel å ta vg3 påbygg enn å gå ut i lære, seier Karianne Torvanger, leiar av hovudutval for opplæring og kompetanse.

Hovudutvalet har vedteke tiltak for å få fleire på yrkesfag ut i lære.
– Det er og vil bli stort behov for fleire fagarbeidarar i framtida. Vi er difor svært opptekne av at elevane som byrjar på yrkesfag i vidaregåande skule, fullfører dette, går ut i lære og tek fagprøve. Men i staden, ser vi, at det er mange som heller går over på studieførebuande etter vg2 og tar påbygg til studiekompetanse. Dette gjeld særleg innan helse- og oppvekstfag, seier Torvanger.

Tiltaksplan
Ein tiltaksplan i fire punkt skal få fleire elevar på vg2 yrkesfag ut i lære:
• Karriererettleiing og rådgiving
• Yrkesfagleg fordjuping og samarbeid med arbeidslivet
• Dimensjonering
• Samarbeid med universitets- og høgskulesektoren
– Vi har drøfta mange tiltak for å få fleire til å gå ut i lære. Gjennom tiltaksplanen vil vi styrke karriererettleiing og rådgjeving for å gi elevane karrierekompetanse og styrke faget yrkesfagleg fordjuping. Vi skal samarbeide tettare med næringslivet/arbeidslivet for å få nok praksis- og læreplassar. Vidare er det viktig for fylkeskommunen å samarbeide med universitets- og høgskulesektoren for at fleire kan få høgare utdanning gjennom å velje yrkesfag på vidaregåande. Vi meiner det også er viktig å sjå på dimensjoneringa av tilboda i høve arbeidslivet sitt behov, seier Torvanger.
Stort behov for helsepersonell
I ein NOU-rapport blir det vist til det store behovet for helsepersonell her i landet, både med fagbrev og med høgare utdanning. Rapporten skisserer to vegar i vidaregåande skule til helsefaglege utdanningar: Eit toårig yrkesfagleg løp etterfølgt av to år i lære og ei treårig utdanning til studiekompetanse.
Fleire vidaregåande skular i Vestland har i dag treårig løp innan helse og oppvekst som gir studiekompetanse.
– Vi ønskjer at dei som vil ha studiekompetanse for å gå vidare innan helsefag på høgskule eller universitet, skal gå det treårige løpet. Vi vil gå i dialog med aktuelle skular for å opprette fleire slike klassar neste skuleår. Dermed kan vi redusere tilbodet på vg3 påbygg, seier Torvanger.
Mange på yrkesfag vil studere
Innan yrkesfag har utdanningsprogrammet helse og oppvekst vesentleg fleire elevar som søker vg3 påbygg til generell studiekompetanse, enn dei andre utdanningsprogramma.
– Tala for dei to siste åra viser at om lag 45 prosent av elevane på yrkesfag helse og oppvekst vg2 går vidare til vg3 påbygg for å få studiekompetanse i staden for lære. For å endre på dette må vi styrke det treårige løpet, slik at det trekkjer til seg elevane som søker helse- og oppvekstfag for å få studiekompetanse, seier Torvanger.
Dedikert løp mot studiekompetanse
I dag har Nordahl Grieg, Olsvikåsen og Fyllingsdalen vidaregåande skular treårige opplæringstilbod i helse- og oppvekstfag.
– Tilboda er strukturert med ei fag- og timefordeling som gjer at elevane spreier både fag frå helse- og oppvekstfag og påbygg til generell studiekompetanse over tre år. I tillegg til å gi eit dedikert løp mot studiekompetanse, gir tilbodet ei meir balansert fag- og timefordeling enn ved tradisjonell overgang til vg3 påbygg for generell studiekompetanse. Elevane brukar opp opplæringsretten sin gjennom tilbodet, men er kvalifisert til både å søke læreplass og høgare utdanning. Men tal frå avgangskulla i desse tilboda viser at elevane ikkje ser på overgang til lære som aktuelt, seier utvalsleiar Karianne Torvanger.