Vestland søker 11 traineear

Vestland fylkeskommune lyser ut 11 traineestillingar, som skal gi nyutdanna innan ulike fagfelt verdifull arbeidserfaring.

to damer utendørs  i fint vær ser på dokument
BLI EIN AV OSS: Mange gode kollegaer ventar på traineeane. Illustrasjonsfoto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune.

Seks stillingar er lyste ut gjennom Trainee Vest/Bergen Næringsråd med frist 24. januar. Stillingane har arbeidsplass Bergen og er innan juridisk, kommunikasjon, digitalisering, mobilitet og kollektiv, infrastruktur og veg og statistikk og analyse. 

31. januar lyser fylkeskommunen ut dei siste fem stillingane, som er knytte til Framtidsfylket, med arbeidsstad Leikanger og Førde. 

Fire av traineestillingane kjem i Leikanger. Dei er innan planlegging og klimaomstilling; vegplanlegging, arealplanlegging og prosjektering; lokalsamfunnsutvikling; forskingsbasert innovasjon og berekraftig verdiskaping. Ei traineestilling innan økonomi og administrasjon har arbeidsstad i kulturavdelinga i Førde. 

– Vil gi unge ein god start 

– Vi i Vestland fylkeskommune er opptekne av å behalde nyutdanna talent i regionen vår. Med desse stillingane vil vi vise at vi er ein viktig aktør i Vestland og ønskjer å gi unge ein god oppstart i arbeidslivet, seier HR-direktør Hilde Bjørnsdotter Withammer. 

Traineear er ikkje noko nytt for verken tidlegare Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar. I Vestland fylkeskommune er det akkurat no fleire nyutdanna med i eit traineeløp.  

– Vi har gode erfaringar med dette, men det som er annerleis no er at vi tar inn minst éin trainee i alle avdelingar. Vi på HR skal følgje opp ordninga og gjere oss systematiske erfaringer, poengterer HR-direktøren.  

– Kvifor skal ein nyutdanna velje Vestland fylkeskommune? 

– Vi ønskjer at dei skal oppleve oss som ein attraktiv arbeidsgjevar med mange molegheiter for spennande oppgåver som både utfordrar og utviklar. Dei vil få erfaring frå ein stor og kompleks organisasjon som har eit stort spenn i oppgåveporteføljen, seier Withammer.  

Ho legg til at kunnskapen går begge vegar, og at også fylkeskommunen kan lære av traineeane.  

– Dei kjem her med oppdatert kunnskap og nye impulsar som vi vil nyte godt av. Dei vil òg vere godt kvalifiserte til å søkje jobb seinare.  

– Det er greitt å ikkje kunne alt 

Ingeborg Klokkersund Djupevåg (27) er ein av traineeane Vestland fylkeskommune har i dag. Ho jobbar på seksjon for plan, klima og folkehelse, med kontorplass Leikanger.  

– Som trainee får eg vere med på mykje forskjellig, og eg har eit breitt spekter av arbeidsoppgåver. Eg arbeidar mellom anna med klima og miljø opp mot kommunar og rettleiar dei i klimaarbeidet deira. Eg får vere med og arrangere konferansar, og eg bidrar inn i Vestland fylke sin nye klimaplan, seier ho.  

Djupevåg har ein bachelor i sosialantropologi og ein mastergrad i climate change management frå Høgskulen på Vestlandet, og hadde inga relevant arbeidserfaring då ho fekk traineestillinga i fjor.  

– Det beste med å vere trainee i fylkeskommunen er at eg får vere med på så mykje forskjellig. Det har vore stor merksend om at eg skal få bli kjend med så mykje av organisasjonen som mogleg og prøve meg på ulike oppgåver. Arbeidsvekene flyr fordi det er nye ting som skjer. Å vere trainee gjev også ei kjensle av at det er greitt å ikkje kunne alt, og ei stadfesting på at ein kan spørje om alt utan at ein føler seg dum. Eg er der for å lære alt eg kan om organisasjonen og det dei driv med.  

– Korleis har oppfølginga frå fylkeskommunen og Framtidsfylket vore? 

– Eg har fått god oppfølging både frå begge. I fylkeskommunen har eg ein eigen rettleiar som eg har tett kontakt med og jobbar mykje saman med. Det er gull verdt å ha nokon å spørje alle dei «dumme» små spørsmåla, særskild i starten. Vi har også jamlege uformelle samtaler om korleis det går i jobben, og om det er noko eg ynskjer å gjere meir eller mindre av. På samlingar med Framtidsfylket har vi også samtalar om korleis vi har det både i dei nye jobbane våre og på privaten. Fleire av traineeane har flytta til nye plassar og må skape seg nettverk der dei bur, og då er det kjekt å ha kvarandre, seier ho.  

Det ho seier er tråd med tankegangen til traineeordninga.  

– Traineeprogrammet skal gi ny kompetanse, nye utfordringar, nettverk i næringslivet og erfaringar som er verdifulle for både traineen og og traineebedrifta, sier Stine Fjeldstad, prosjektleiar i Trainee Vest.  

Bachelor eller master og lite arbeidserfaring 

Felles for alle stillingane er at kandidaten må ha fullført bachelor- eller mastergrad, og kan ikkje ha meir enn tre års arbeidserfaring etter endt studie. 

Traineeperioden startar i månadskiftet august/september 2022 og varer i eitt år. Traineeane får kontrakt og løn av fylkeskommunen, samtidig som dei blir følgde opp av Trainee Vest eller Framtidsfylket med felles samlingar med andre traineear gjennom året.