Vestland-elevar deltok på europeisk ungdomsparlament

Mental helse for innvandrarar, einsemd og likestilling og toxic masculinity var temaa dei tre elevane frå Dale vidaregåande skule fekk bryne seg på under europeisk ungdomsparlament i Oslo i september.

foto av tre ungdomar framfor søylegang
UNGDOMSPARLAMENT: Emma, Kristina og Ole frå Dale vgs. deltok på den nasjonale sesjonenen av det europeiske ungdomsparlamentet i Oslo i september. (Foto: Dale vidaregåande skule)

Europeisk ungdomsparlament (EYP) er eit politisk uavhengig læringsprogram for elevar på vidaregåande skule. Ein gong i året inviterer EYP norske skular til å delta på ein norsk nasjonalsesjon. I år var tre elevar frå Dale vgs. i Fjaler blant dei 80 elevane som deltok.

Finne løysingar for framtidig politikk

– Det var veldig gøy å delta på EYP. Det var både lærerikt og morosamt, og det var kjekt å møte dei andre delegatane frå resten av Noreg. Det var også interessant å høyre alle innspela om problemstillingane og sjå korleis gruppene utforma og presenterte vedtaka sine, seier Kristina.

Ho var i komiteen som fekk temaet einsemd. Oppgåvene til dei ulike komiteane var å identifisere problem med tematikken, for så å finne løysingar, i håp om at ideane kan bli brukte i reell politikk.

deltakarane på europeisk ungdomsparlament 2022 samla framfor Universitetet i Oslo
GENERALFORSAMLING I AULAEN: Det deltok til saman 80 elevar frå vidaregåande skular over heile landet på ungdomsparlamentet, og siste dagen var det generalforsamling i universitetsaulaen. (Foto: Dale vidaregåande skule)

Elevane vart delte inn i komitear med mellom 12 og 14 delegatar frå ulike skular. Komitéleiarane var frå Kypros, Irland, Storbritannia, Tyrkia, Albania, Italia, Serbia, Spania, Polen, Sveits og Noreg. Alt arbeid under ungdomsparlamentet føregjekk på engelsk.

Forsvarte resolusjonar på generalforsamling

Siste dag var det generalforsamling, og alle komiteane presenterte det dei hadde jobba med dei to føregåande dagane, heldt talar og deltok i debatt. Generalforsamlinga var lagt til aulaen til Universitetet i Oslo i Karl Johans gate. Elevane forsvarte resolusjonane sine og stemde så over om arbeidet skulle sendast vidare. Alle tre resolusjonane til elevane frå Dale vgs. gjekk gjennom.

– Det var veldig lærerikt og spennande! Å møte så mange nye og kloke ungdommar var kjekt, og verdt all jobben. Det kan anbefalast, fortel Emma, som var i gruppa som jobba med likestilling og toxic masculinity.

Deltaking på og førebuing til ein EYP-nasjonalsesjon er svært relevant for læreplanane i vidaregåande opplæring, blant annan innan språk- og samfunnsfag og naturfaga.

foto frå generalforsamlinga under europeisk ungdomsparlement i Oslo i september 2022
MUNCH: Veggane i universitetsaulaen er fylte med måleri av Edvard Munch, og elevane heldt talane sine på same talarstol som blant andre Martin Luther King jr. har halde tale. (Foto: Dale vidaregåande skule)