Vedtok to planar som skal bidra til næringsutviklinga i fylket

Dei to temaplanane for landbruk og reiseliv følgjer opp den regionale planen for innovasjon og næringsutvikling. Dei skal vere med å gjere Vestland til det leiande verdiskapingsfylket basert på berekraftig bruk av naturressursar, grøn næringsutvikling og innovasjon.

Foto av fruktbonde i oransje kle som jobbar i frukthage. Det står ein firhjuling ved sidan av.
NÆRINGSUTVIKLING: Temaplanane for landbruk og reiseliv seier noko om korleis desse næringane kan bidra til å gjere Vestland til eit leiande verdiskapingsfylke. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Der er nemleg det overordna målet i den regionale planen, som gjeld fram til 2033.

– Vi har den store, langsiktige og overordna planen. Med desse temaplanane får vi konkretisert kva både fylkeskommunen, kommunane, næringa sjølv og andre instansar skal gjere meir konkret på dei ulike områda. Planane seier korleis vi skal jobbe for å styrke reiselivsnæringa, og korleis vi skal utvikle vestlandslandbruket vidare, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Fylkestinget vedtok dei to temaplanane i møtet i Bergen 14. og 15. desember.

Reiselivsplan for tre år

Begge planane har ein kortare horisont enn den regionale planen. Landbruksplanen gjeld fram til 2027, medan reiselivsplanen gjeld berre fram til 2025.

– Planen er laga med så kort horisont fordi fylket er nytt, og fordi koronapandemien har gjort det vanskeleg å gå i gang med nybrottsarbeid. Det viktige dei siste åra har vore at næringa skal overleve, og slik er det til ein viss grad framleis. Vi trur at vi i 2025 vil vere i betre posisjon til å leggje meir langsiktige planar, seier Askeland.

Planen seier at alt reiselivsarbeid i Vestland skal vere tufta på berekraftig utvikling, og kongstanken er attraktivitet gjennom berekraft.

Skal bidra til lokal verdiskaping

Hovudmålet er at Vestland fylke gjennom berekraftig reiselivsutvikling skal vere eit attraktivt val for gjester som bidreg til lokal verdiskaping. I tillegg er det eit delmål å leggje til rette for at også barnefamiliar skal kunne besøke Vestland og få eit variert tilbod til ein overkomeleg pris.

– Som fylkeskommune har vi ei rolle som samfunnsutviklar og tilretteleggjar, og vi kan vere eit samlingspunkt for reiselivsnæringa. Fylket vårt har så mykje å by på. Kombinasjonen vakker natur, inngangsporten og motoren Bergen og eit bygde- og distriktsmiljø rikt på kultur, tradisjon og matopplevingar er i tråd med visjonen om å vere eit nyskapande, attraktivt og berekraftig reisemål, seier fylkesordføraren.

Framtidsretta landbruksnæring

Landbruksplanen peiker på moglegheiter og utfordringar for vestlandslandbruket på både kort og lang sikt. Han skal bidra til å samordne innsatsen for næringsutvikling i landbruket og leggje til rette for samarbeid. Jordvern er sentralt i planen, og skal bidra til godt jordvern for å ta vare på matjorda.

– Samstundes skal vi med denne planen leggje til rette for ei framtidsretta landbruksnæring og matproduksjon. Det er eit mål at næringa skal bidra til levande og berekraftige lokalsamfunn, i tråd med retninga vi har sett for heile fylket gjennom utviklingsplanen, slår fylkesordføraren fast.

Hovudmålet i landbruksplanen er at Vestland skal vere eit nyskapande landbruksfylke, basert på berekraftig bruk av naturressursar, grøn næringsutvikling og innovasjon. Fylkestinget vedtok også at det å redusere matsvinn, blant anna i innhaustingsleddet i grøntnæringa, skal inngå som eit av dei overordna måla i planen.

Skal lagast to temaplanar til

Fylkestinget vedtok i juni 2021 at det skulle lagast til saman fire temaplanar i perioden for den regionale planen, altså i tida fram til 2033. Temaplan forsking, blant anna med fokus på berekraftig og eksportretta industriutvikling vart vedteken i desember 2021. Det skal også lagast ein temaplan for breiband og digitalisering.

Temaplanane for landbruk og reiseliv blir lagde ut på nettsida til fylkeskommunen så snart dei er ferdigstilte.