Tre vestlandsbygder samarbeider om å løyse sommarutfordringar
Sommaren er høgsesong for mange små og større stadar i Vestland, og fleire får meir besøk enn både veg og bygd er dimensjonert for. Det har Solvorn, Undredal og Fjærland no tenkt å gjere noko med.

Vestland fylkeskommune har løyvd 100 000 kr til og samarbeider med kommunane Luster, Aurland og Sogndal om Gnist-prosjektet. Det handlar om lokalsamfunnsvenleg turistutvikling.
Realisere framtidas bygdeturisme
Dei tre bygdene Solvorn, Undredal og Fjærland har turistvenlege omgjevnadar, med både kulturarv, verdsarv og storslått natur. Målet med prosjektet er å vise veg for ei turistnæring som kan vekse i tal arbeidsplassar og lokal verdiskaping, samtidig som ein tek vare på og forsterkar natur- og kulturverdiane.
– I praksis betyr dette å engasjere næringsliv, innbyggarar og frivilligheit i å saman skape prosjekt og samarbeid som realiserer framtidas bygdeturisme til det beste for lokalsamfunna, seier Synnøve Stalheim, seksjonsleiar for plan, klima og folkehelse i Vestland fylkeskommune.
Prosessen starta med fleire spørsmål lokalt: Korleis løyse mobilitetsutfordringa når turiststraumen kjem til dei smale fylkesvegane inn til bygdene? Korleis betre utnytte turiststraumen i lokal næringsverksemd? Og korleis få til ei utvikling som er tilpassa tilreisande, skuleungar, traktorkøyrande bønder og alle andre?

Skal skape levande lokalsamfunn
– For fylkeskommunen er dette både lokalsamfunnsutvikling og stadutvikling. Mål tre i utviklingsplanen vår er lokalsamfunn som ramme for gode kvardagsliv, og dette prosjektet er såleis midt i blinken. Det er ein del av rolla vår som regional utviklingsaktør å leggje til rette for menneskevenlege og levande lokalsamfunn, seier Stalheim.
Det er DogA (Design- og arkitektursenter) som har initiert og som koordinerer Gnist-prosjektet, og det er med prosjekt frå heile landet. Du kan lese meir om innovasjonsprogrammet på nettsida til DogA.

Løysingsforslag i oktober
Rådgjevingsteamet Lokalt byrå/Æra har no fått oppdraget med å sjå på korleis mobilitetsutfordringa i dei tre bygdene kan løysast på ein måte som kjem lokalsamfunna til gode. I juni var representantar frå kommunane, fylkeskommunen og rådgjevarane samla på DogA i Oslo for å starte prosessen.
Rådgjevingsteamet legg ut på vegen 22.–26. august og skal møte både kommunar og lokalbefolkning for å gå i djupna på problemstillingar og ha dialog. Rådgjevarane skal jobbe med løysingsforslag fram til oktober.
– Vi ser vi fram til å sjå resultata av prosessen, og håpar at vi på sikt kan få løysingar som kjem alle til gode. Gjerne løysingar som vi ikkje greier å førestilla oss endå, seier Stalheim.