Talet på kollektivreisande litt opp att i Vestland i 2021

Talet på påstigingar i kollektivtrafikken i Vestland vart litt høgare i 2021 enn i 2020, men var likevel sterkt påverka av covid-19-pandemien.

foto av to bussar som møter kvarandre på Bryggen i Bergen. På bakruta på den eine står det Eg e elektrisk for deg
KOLLEKTIVREISER: Det var noko fleire påstigingar i kollektivtrafikken i Vestland i 2021 enn i 2020, men tala syner at kollektivtrafikken også dette året var sterkt prega av pandemien. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Totalt var det 61,7 millionar påstigingar på buss, båt og bybane, mot 53,9 millionar i 2020. I 2019 var talet 82,5 millionar. Tala for 2021 var dermed 14 prosent høgare enn 2020, men framleis kring 25 prosent lågare enn «normalåret» 2019.

12 prosent oppgang for Bybanen

I 2020 var det nær 14 millionar påstigingar på Bybanen, framleis mykje lågare enn toppåret 2019 då det var 18,7 millionar, men ein auke frå 12,4 millionar i 2020. Bybanen utgjorde 27prosent eller over ein fjerdedel av alle kollektivreisene i bergensområdet i 2021.

Statistikken over påstigingar syner ein gjennomsnittleg oppgang på 16 prosentfor buss.

Totalt føregjekk 85 prosent av kollektivreisene i bergensområdet. 

Lite endring for båt

Båtrutene hadde nær 1,2 millionar reisande i heile Vestland i 2021. Det var berre ein auke på 3 prosent frå 2020, og reisetalet er 34 prosent lågare enn normalåret 2019. Mange båtruter har tilnærma same reisetal som i 2020, noko som kan skuldast at mange av dei som pendlar med båt, er arbeidsreisande som har kunna byte ut reiser med heimekontor.

– Uroa for byte frå buss til elbil

Tal frå Opplysningsrådet for vegtrafikken (OFV) syner at det vart registrert 25 prosent fleire bilar i Noreg i 2021 enn i 2020. Elbil utgjer 65 prosent av dei nye personbilane, som tyder at veksten i personbilsalet vert driven av elbil. Ruter har gjort undersøkingar som syner at i deira område har prosentdelen som ikkje har eigen bil gått ned det siste året, medan prosentdelen elbileigarar har auka. Dette kan tyde på at elbil tek reisande frå kollektivtrafikken.

– Dette var ei forståeleg endring under pandemien, då me vart rådd frå å reisa kollektivt. Men det er ikkje ei berekraftig utvikling framover, og ho må brytast. Elbil-insentiva er sterke i Noreg, og elektrifisering av bilparken er naudsynt for å nå klimamåla, men dersom det fører til meir biltrafikk, får vi problem, særleg i byområda. For mange bilar på vegane skapar kø for alle køyretøy, også dei som ikkje er utsleppsfrie, og det skapar problem for kollektivtrafikken. I tillegg er det lett å gløyme at det blir meir svevestøv frå asfalt og bildekk. Vi er uroa for at folk byter ut buss med elbil med godt samvit, seier fylkesordførar Jon Askeland.

– Dersom ein del av passasjernedgangen skuldast at reisande har kjøpt seg bil, vil det ta lang tid å vinne dei tilbake på buss og bybane. Modninga av elbilteknologien, norske elbilinsentiv og koronapandemien kan dermed vise seg å vere ein perfekt storm som har råka kollektivtrafikken, og som vi kan kome til å slite med i år framover, seier Jon Askeland.

Ferjetrafikken normalisert

På fylkesvegferjene var det 5,1 millionar passasjerar. Her vart situasjonen nær normalisert i 2021. Ferjetrafikken vart aldri like sterkt råka av pandemien som kollektivtrafikken, og trafikktala for 2020 var berre 7 prosent under 2019-nivået. I 2021 var talet på både køyretøy og passasjerar på ferjene tilbake til same nivå som i 2019.

Ferjedrifta i fylket har svært god driftsregularitet, med eit gjennomsnitt utanom force majeure på 99,87 prosent. 

 

Tabell som viser geografisk fordeling Hordaland og Sogn og Fjordane, passasjertal og ferje.

Statistikk over påstigingar i kollektivtrafikken i Vestland i 2021 (PDF)

(Tabellen blei korrigert til ny versjon 2. mars 2022)