Stord vgs har årets nasjonale matematikklærar

– Det er utruleg gøy å vere lærar, seier Tor Espen Kristensen ved Stord vidaregåande skule. Han er årets matematikklærar i Noreg. Han får den nasjonale Holmboeprisen for 2022.

Oppstilt bilete av ordførar, prisvinnarar og rektor. Foto.
HOLMBOEPRISEN: Prisvinnaren Tor Espen Kristensen flankert av fylkesordførar Jon Askeland, rektor Ellen Strandenes og avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse, Bjørn Lyngedal. Foto: Egil Vadla/Stord vidaregåande skule

Prisen er på 100 000 kroner og blir tildelt prisvinnaren 23. mai på Oslo katedralskole av kunnskapsminister Tonje Brenna under Abelveka. Pengane blir delt med halvparten til læraren og halvparten til skulen.

Ein uvanleg solid fagperson

Leiar av Norsk Matematikkråd, Antonella Zanna Munthe-Kaas, kunngjorde vinnaren av prisen onsdag 6. april kl. 14 på ei tilstelling på skulen. Ho er også leiar av Matematisk institutt ved Universitetet i Bergen.

– Tor Espen Kristensen utmerker seg som ein uvanleg solid fagperson, ein inspirerande lærar for elevane og ein innflytingssrik og dyktig bidragsytar til utviklinga av matematikkundervisninga, både lokalt og nasjonalt, seier Munthe-Kaas.

Lærar på podie
– Matematikk er gøy, seier lærar Tor Espen Kristensen. Foto: Bjørn Lyngedal/Vestland fylkeskommune

Motiverer elevane

Prisen han får er Bernt Michael Holmboes minnepris, Holmboeprisen. Holmboe var lærar og mentor for Niels Henrik Abel, den fremste matematikaren i Noreg. Dette er ein pris som skal heidre lærarar. Kvart år går prisen til ein eller fleire lærarar som har utmerka seg innan god undervising i matematikk.

– Vi vil spesielt understreke Kristensens evne til å motivere elevane. Dei seier han er svært motiverande, lun og engasjert. Vi i priskomiteen vil også trekke fram at Kristensen er ein svært fagleg kompetent lærer. Han har gjennom sitt daglege virke vore med på å utvikle matematikkundervisninga her til lands, seier Munthe-Kaas.

– Matematikk er gøy

– Dette var eg ikkje førebudd på. Det er «too much». Eg stiller ofte spørsmål om kvifor matematikk er så gøy. Jo, eg ser elevane i undervisinga, eg ser at dei aukar kompetansen sin og at dei lærer nye ting. Det er sterkt motiverande for meg. Eg visste ikkje at eg fekk denne prisen her i dag, men det er ekstra kjekt å sjå alle elevane mine sitje her og gle seg saman med meg. Stord vidaregåande skule er ein god arbeidsplass. Eg er glad eg får lov å halde på. Eg får «goodwill» frå skulen i undervisinga mi, sa Kristensen.

Stolte

Rektor Ellen Strandenes gratulerer med prisen.

– Vi er utruleg stolte her på skulen. Tor Espen er sterkt engasjert og jobbar nasjonalt for å løfte matematikkfaget. Elevane gir tilbakemeldingar på at dei får veldig god undervising. Vi set stor pris på prisen og gler oss på vegne av han og skulen, seier rektor.

«Rusha på»

Fylkesutvalet hadde møte på Stord denne dagen og deltok under kunngjeringa av prisen. Fylkesordførar Jon Askeland gratulerte med heideren.

– Fylkesutvalet føyer seg inn i rekka over gratulantar, og me gler oss over å ha så flinke lærarar i Vestland. Eg fekk nyss om dette i dag tidleg og har rusha møtet i fylkesutvalet for å få dette med.

– Opplæring er den største og viktigaste tenesta i fylkeskommunen. Vi treng trygge og gode arbeidsmiljø som løftar de unge framover. Stord er ein av kremskulane våre med høg fullføring. Eg er stolt over å ha den fremste matematikklæraren her på Stord. Eg er stolt over dyktige tilsette og holmboepris på nasjonalt nivå, sa fylkesordførar Jon Askeland.

Fin honnør

Bjørn Lyngedal, avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse, seier det er veldig kjekt at ein lærar i Vestland får denne prisen.

– Dette er ein fin honnør til læraren, skulen og fylkeskommunen. Vi har utruleg flinke og dyktige lærarar, og det er stor stas å løfte dei fram. Dette var ein ekstra stor heidersbevisning, og vi gratulerer Tor Espen Kristensen. Han er veldig opptatt og motivert av undervisinga i klasserommet og driv nybrottsarbeid i matematikk, seier Lyngedal.

Ressursperson

I tillegg til jobben som lærar på Stord vidaregåande skule er Tor Espen Kristensen ein ressursperson for Matematikksenteret ved NTNU i Trondheim. Han har bidratt til nye læreplanar i faget og gitt ut læremiddel i bruk av GeoGebra og i programmering. No underviser han også ved Universitetet i Bergen, der han har ansvaret for vidareutdanningskurs av lærarar.