Stord får praktskule til 510 millionar kroner
– Gratulerer Stord! De skal få ein ny og flott vidaregåande skule, seier fylkesordførar Jon Askeland. Fylkestinget har godkjent byggeplanane og vedteke byggestart for den nye praktskulen til 510 millionar kroner.

– Gratulerer Stord! De skal få ein ny og flott vidaregåande skule, seier fylkesordførar Jon Askeland. Fylkestinget har godkjent byggeplanane og vedteke byggestart for den nye praktskulen til 510 millionar kroner.
Den nye skulen blir på to etasjar og 11 000 kvadratmeter. Den skal ha 475 elevar, fordelt på 33 klassar. Byggestart er planlagt til januar neste år.
– Dette blir ein framtidsretta skule som får fin plassering på Vabakkjen. Den får flott arkitektonisk utforming og vil gli fint inn mot omkringliggande terreng og busetnad. Skulen blir veldig kompakt med atrium og godt med dagslys, og vi får synleggjort yrkesfaga på ein svært god måte. Vi følgjer veldig godt opp visjonen til fylkeskommunen med å vere nyskapande og berekraftig, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Byggekontrakt
Entreprenørselskapet Consto har, saman med Link arkitektur, vunne pris- og designkonkurransen for bygging av den nye skulen.
Stord vidaregåande skule er i dag er lokalisert på to stader, Vabakkjen og Saghaugen. På sikt er planen å slå dei saman til éin skule på Vabakkjen. Vedtaket i fylkestinget gjeld første byggetrinn, som omfattar areal for yrkesfaglege utdanningsprogram og vaksenopplæring.
Andre byggesteg gjeld vidare utbygging av den nye skulen på Vabakkjen. Det skal fylkeskommunen ta stilling til på eit seinare tidspunkt. Det omfattar ein tredje etasje på skulen og ein auke i arealet frå 11 000 til 18 000 kvadratmeter.
Indre gårdsrom med trær og plantar
Skulen blir bygt i tre, med fasadar i malmfuru og karbonatisert tre. Taket blir tekt med grøne planter. Skulen vil få ein ny universelt tilgjengeleg gangveg til idrettsanlegga på Vikahaugane over fylkesvegen. Idrettshall skal skulen leige av Stord kommune. Vrimleområde, kantine og bibliotek er plassert ut mot ein open plass midt i skulen. Dette blir eit indre gårdsrom med trær og plantar som gjev lys til romma i skulen. Her kan elevane opphalde seg i fint ver.
Opning i 2025
Skulen vil romme studieretningar innan teknologi- og industrifag (TIF), bygg- og anleggsteknikk, elektro, sal, service og reiseliv og teorirom for informasjonsteknologi og medieproduksjon. Vaksenopplæring, tilrettelagt opplæring, elevtenestene og rettleiingstenesta vil bli samla på Vabakkjen.
Når bygginga startar i januar 2023, skal elevar og tilsette på Vabakkjen flytte i lokale på Heiane. Den noverande skulen blir riven og gjer plass til det nye skulebygget.