Slik skal Vestland fylkeskommune betre folkehelsa i fylket

Fylkestinget vedtok 16. mars handlingsprogram for folkehelse 2022–2025. Det slår fast korleis både fylkeskommunen og samarbeidspartar skal jobbe for ei best mogleg folkehelse for innbyggarane i fylket.

foto av dagsturhytta i Austrheim
FYSISK AKTIVITET: Universell utforming av turstiar og uteområde er ein viktig del av folkehelsearbeidet, å sikre alle innbyggjarane i fylket høve til å vere fysisk aktive i nærmiljøet sitt. Fleire av dagsturhyttene har universell utforma tilkomst, som hytta her på Vardetangen i Austrheim, der det er grusveg frå parkeringsplassen og fram til hytta. (Foto: Austrheim kommune)

Sosiale tilhøve er ein av tre dimensjonar i berekraftsmåla til FN. Dei to andre er økonomi og miljø. Både sosial berekraft og folkehelse handlar om å fremje god samfunnsutvikling.

– God helse og livskvalitet for innbyggarane våre, i tillegg til rettferdig fordeling, er avgjerande for å få til den utviklinga vi ønskjer i fylket. Handlingsprogrammet er vesentleg for å nå både mål tre og fire i utviklingsplanen vår, lokalsamfunn som ramme for gode kvardagsliv og like moglegheiter for å delta i verdiskaping. Handlingsprogrammet er såleis ei teneste vi gjer for kommunane og andre, som eit grunnlag for å fatte tiltak til beste for innbyggjarane, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Fem innsatsområde

I handlingsprogrammet er sett opp fem innsatsområde:

  • kunnskapsbasert folkehelsearbeid
  • sosial ulikskap i helse
  • gode, trygge og deltakande nærmiljø/lokalsamfunn
  • dei demografiske endringane i Vestland og ei aldrande befolkning
  • barn og unge – livskvalitet og psykisk helse

Vidare er det sett opp både overbyggande tiltak og temavise tiltak. Dei første skal bidra til å styrke det heilskaplege folkehelsearbeidet i samhandling med kommunar og andre, medan dei temavise tiltaka er meir knytte til verkemiddel fylkeskommunen sjølv rår over.

Skule, tannhelse og inkludering

Blant dei temavise tiltaka er det fleire tiltak på dei vidaregåande skulane og i den offentlege tannhelsetenesta. Eitt av dei er ein årleg temadag for tilsette i tannhelsetenesta for å sikre kompetanse om å førebygge, avdekke og hindre vald, overgrep og omsorgssvikt mot barn.

Andre tiltak går på universell utforming av turstiar og turområde, å utvikle eit kultur- og aktivitetstilbod for alle og etablere fleire møteplassar for ungdom. Også berekraftig mobilitet, med særleg søkjelys på skreddarsydde tilbod, og trafikktrygging og elevreiser er med som tiltak.

Kvifor eit handlingsprogram?

Handlingsprogrammet for folkehelse 2022–2025 er laga til dei regionale folkehelseplanane frå Hordaland og Sogn og Fjordane. Desse gjeld for denne planperioden. Handlingsprogram for folkehelse er eit verktøy for å sikre gjennomføring av planane.

Det ferdige handlingsprogrammet med endringane som kom i fylkestinget, blir lagt ut på nettsida til fylkeskommunen når det er klart.