Skal trappe opp utbygging av solceller

– Vi skal intensivere utbygginga av solcelleanlegg, seier fylkesordførar Jon Askeland etter at fylkestinget har vedteke å få ein konkret handlingsplan for solceller og solfangarar på fylkeskommunale bygningar.

Soicelle
HANDLINGSPLAN: Arna vidaregåande skule er ein av mange fylkeskommunale hus som har fått solceller på taket. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Fylkestinget har samrøystes vedteke at handlingsplanen for solceller skal omfatte både eksisterande fylkeskommunale bygningar og dei som er under oppføring. Solcellepanel på parkeringsplassar skal også inngå som tiltak i planen.  

Fylkesdirektøren skal følgje opp og kome attende med forslag om gjennomføring og realisering. 

Fleire tiltak

Det var Noralv Distad (H) som i ein interpellasjon til fylkestinget fremja forslag om solceller som energikjelde på fylkeskommunale bygningar. Han peika på det brutale russiske angrepet på Ukraina som har skapt energikrise i Europa, med store verknader også for Noreg. 

– Situasjonen krev no at det vert sett i verk fleire tiltak: Straumstøtte til hushaldningar og bedrifter, raskare utbygging av meir fornybar energi og energiøkonomisering. 

Noralv Distad
Noralv Distad fremja interpellasjonen i fylkestinget om auka bruk av solceller på fylkeskommunale hus. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Handling

Distad peikar på at både nye og eksisterande offentlege og kommersielle bygningar over 250 kvadratmeter innan få år kan få krav om solceller. 

– Tida er inne for handling. Vestland fylkeskommune må sjølvsagt gå inn i eiga verksemd og eigne bygningar, både eksisterande og dei som er under bygging. I tillegg bør ein sjå på tiltak som overbyggmed solcellepanel på eigne parkeringsplassar. Det er ingen grunn til å venta på formell godkjenning av nye direktiv. Situasjonen for energi og klima krev tiltak no, skriv Noralv Distad i interpellasjonen. 

Solcelleanlegg

Som svar på interpellasjonen viste fylkesordførar Jon Askeland til at alle fylkeskommunale nybygg og større ombyggingar dei siste åra er etablert med solcelleanlegg. Følgjande ferdigstilte fylkeskommunale bygg har solcelleanlegg: 

  • Fjøs på Sogn jord- og hagebruksskule (Aurland) 
  • Arna vgs.
  • Åsane vgs. 
  • Sogndal vgs. avd Kaupanger/Vitemeir 

Følgjande fylkeskommunale bygg under planlegging og oppføring vil få solcelleanlegg: 

  • Fylkeshuset i Bergen 
  • Askøy vgs.
  • Førde vgs.
  • Verkstadsbygget Mo og Øyrane vgs (Førde) 
  • Stord vgs.
  • Langhaugen vgs.
  • Kvam vgs.