Skal heve kompetansen for grøn omstilling i Vestland

– Dette er eit tiltak for at vi skal bli eit leiande verdiskapingsfylke, seier utvalsleiar Tor André Ljosland etter at hovudutval for næring har løyvt to millionar kroner for å heve kompetansen innan grøn omstilling.

Kart.
16 GRØNE HUBAR: Samarbeid mellom bedrifter, mellom anna gjennom 16 grøne hubar i Vestland, skal heve kompetansen for grøn omstilling. Illustrasjon: EY

Pengane går til Innovasjon Noreg og prosjektet SNU 4.0 som tilbyr opplæring til bedrifter som skal omstille seg til ein grønare produksjon. Vedtaket i hovudutval for næring var samrøystes.

Samarbeid mellom bedrifter

– Desse pengane skal gå til opplæring i bedrifter som skal omstille seg til ein grønare produksjon. Gjennom SNU 4.0 har vi spissa oss inn mot realisering av Grøn Region Vestland og det prioriterte arbeidet om å bygge verdsleiande grøne hubar gjennom industriell symbiose. Dette blir eit samarbeid mellom bedrifter og grupper med bedrifter som vil samarbeide om å realisere potensielle symbiosar, seier Ljosland.

200 deltakarar – 50 bedrifter

Dei to millionar kronene skal ikkje gå til ordinær opplæring i bedriftene, men er avsett til grøn omstilling. 

– Målet er at minimum 200 deltakarar frå 50 bedrifter skal delta for å heve kompetansen om sirkulærøkonomi og industriell symbiose, seier Ljosland.
Opplæringstilbodet er også ope for bedrifter utanfor dei 16 grøne hubane som er identifisert i Grøn region Vestland.

BIO-midlar

Pengane til tiltaket kjem frå unytta midlar til bedriftsintern opplæring (BIO-midlar). Dei resterande unytta midlane vil bli brukt til ny utlysing av BIO-midlar seinare i år, saman med dei 5,5 millionar kronene som ligg inne til bedriftsintern opplæring i budsjettet for 2022.