Skal få passasjerane tilbake til kollektivtrafikken

– Vi følgjer tett med på utviklinga av kollektivtrafikken. Den har tatt seg opp etter at samfunnet opna igjen. No må vi jobba for å få alle passasjerane tilbake og vidare vekst, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Buss og bybane
JOBBAR FOR NY VEKST: For Bybanen er tal reisande på same nivå som i 2019, mens tala for bussane ligg noko etter. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Under pandemien gjekk kollektivtrafikken kraftig ned i Vestland. Men etter at samfunnet opna 12. februar, har mange av passasjerane kome attende. Etter vinterferien nådde Bybanen same nivå som i 2019, mens talet på reisande med buss framleis ligg noko bak.

Meir fleksible billettar

– Framover skal sjå på kva vi skal gjere for å få fleire til å reise kollektivt. Vi skal mellom anna vurdere om fleksible billettar kan få fleire reisande. Målet er å få fleire til å reise klimavenleg, seier Askeland.

Trenden med heimekontor og at mange nok har kjøpt elbil medfører endra reisevanar og at dei reisande etterspør andre billettypar enn den tradisjonelle periodebilletten.

Reduserte billettinntekter

– Utfordringa vår er å få nok reisande, slik at vi kan oppretthalde det gode kollektivtilbodet vi har i Vestland. I første kvartal i år var billettinntektene 27 prosent etter budsjettet. I mars 18 prosent etter. Om vi ikkje lukkast med å få opp kollektivtrafikken, må vi vurdere behov for tiltak, understrekar Askeland.

Fram til 31. juli kompenserer staten for inntektstapet av færre reisande.

– Vi har von om å få vidare kompensasjon om det er behov for det. Samferdselsdepartementet har sett ned ei arbeidsgruppe som har kome med forslag til tiltak som kan bøte på inntektssvikten. Vi har vore med i dette arbeidet, seier Askeland.

Tre ulike løysingar

Skyss jobbar med ulike løysingar til meir fleksible billettar i kollektivtrafikken. Her er tre av dei:

  • Modell 1 – Basert på tal reiser. Kundane kjøper eit gitt tal dagar for ein periode på 30 dagar, med aukande rabatt etter tal dagar dei reiser.
  • Modell 2 – «Kjøp 10 enkelbillettar og få rabatt på dei neste» med 30 dagars varigheit– ved aukande tal reiser aukar rabatten. 10 reiser til full pris, deretter aukar rabatten etter dei neste 10 reiser, med ein maksimalpris per månad
  • Modell 3 – Fleksible betalingsløysingar – kjøp 180 dagars billettar og betal pr. månad i staden for alt på en gang.

Parkeringsavgifter

I vedtaket ber fylkesutvalet administrasjonen også om sjå nærare på korleis fylkeskommunen kan påverke nivået på parkeringsavgiftene, slik at kollektivtilbodet blir meir konkurransedyktig. Fylkesutvalet vil også be om at statlege tilskot ikkje blir avslutta før kollektivtrafikken har stabilisert seg på eit nivå som gjer at det ikkje blir naudsynt å kutte i tilbodet.