Sigrid Moldestad får folkemusikkstipendet

– Ho har vore ei av dei aller mest markante, aktive og synlege utøvarane i Vestland fylke dei to siste tiåra, uansett sjanger, seier Per Morten Ekerhovd, avdelingsdirektør for kultur og folkehelse. Sigrid Moldestad får folkemusikkstipendet til Vestland fylkeskommune.

Sigrid Moldestad spelar fele
HEIDER: Felespelar og songar Sigrid Moldestad får folkemusikkstipendet på 60 000 kroner. Foto: Gøril Sætre/Vestland fylkeskommune

Ekerhovd delte ut folkemusikkstipendet på 60 000 kroner til Moldestad under Osa-festivalen på Voss i helga. I tillegg delte han ut to folkemusikk ung-stipend til Lukas Pawelka og Mathilde Skjæret. Dei er på 25 000 kroner kvar.

Ein framifrå ambassadør

Sigrid Moldestad spelar fele og syng. Ho har utstrekt konsertverksemd med sitt faste band. I tillegg driv ho Pederhuset i Breim. Det er eit påminningshus der hovudtanken er å formidle historier og påminningar om både musikk, soger og bilete.

– Moldestad er ein framifrå ambassadør for folkemusikken. Ho har ei eiga evne til å nytte dokumentasjonsarbeidet sitt i formidling og til å nå ut til folk med musikken og kunnskapen. Ho er blitt ein folkekjær artist over heile landet og er allsidig som folkemusikar, songar, låtskrivar, skodespelar og tekstforfattar, seier Ekerhovd.

I 2007 debuterte Moldestad som soloartist med plata «Taus» som ho fekk spelemannsprisen for. Albumet henta musikk og inspirasjon frå 150 år gamle historier om dei mange kvinnene som spelte fele i Nordfjord, der ho vaks opp. Eit tema ho har jobba med i ulike uttrykk både på scene, plate og konsertar. Ho har til saman gjeve ut 6 soloalbum.

Hjarteprosjekt

Moldestad ønskjer å bruke stipendet til å sluttføre eit hjarteprosjekt om slåttar, songar og historier kring den rike tradisjonsmusikken i Breim. Dette har ho jobba med lenge og ønskjer no å bruke tid på å spele inn materialet, formidla i konsertform, i skrift, med meir. Ho knyter arbeidet sterkt til Pederhuset. Eit album der desse historiene står sentralt, er ikkje gjort enno, og Moldestad kjenner på eit sterkt ansvar i å vidarefomidle tradisjonskunnskapen ho sjølv har, og dei kjeldene som framleis lever og verkar i Breim.

Instrumentmakar frå Austerrike

Lukas Pawelka får det eine folkemusikk ung-stipendet. Dei går til unge under 30 år. Pawelka kjem opphaveleg frå Austerrike der han utdanna seg som instrumentmakar. Sjølv om han er ung, har han mykje erfaring frå bygging og reperasjonar av instrument laga av tre, og spesielt folkemusikkinstrument som hardingfele, lutt, nyckelharpe, med meir. I dag jobbar han 50 prosent på felemakarverkstaden på Ole Bull Akademiet.

Stipendet vil Pawelka bruke til å gjere ein grundig digital dokumentasjon av den einaste fiolinen bygd av Trond Isaksen Flatabø (1713-1772), saman med ei detaljert teknisk teikning. Målet er til slutt å byggje ein eksakt kopi av fiolinen som kan nyttast av musikarar som ønskjer å prøve ein slik kopi.

I tillegg vil Pawelka freiste å samanlikne fiolinen frå Hardanger med byggjestilar andre stader i Europa, og kanskje kan ein finne ut meir historisk kvar Flatabø henta inspirasjonen sin frå.

– Dette vil vere eit særs interessant og nyttig arbeid med resultat som kan nyttast i den vidare utviklinga av felemakinga i Noreg, seier Ekerhovd.

Folkemusikktradisjonen i Jostedalen

Det andre folkemusikk ung-stipendet går til Mathilde Skjæret frå Jostedalen i Luster. Ho spelar hardingfele. Utdanninga hennar er frå Ole Bull Akademiet og Noregs Musikkhøgskule. Ho er aktiv både som solist, i grupper og som pedagog.

Stipendet ønskjer Mathilde å bruke til å fordjupe seg i folkemusikktradisjonen i Jostedalen, særleg runddanstradisjonen. Gjennom munnlege kjelder og arkivopptak vil ho freiste å få ei oversikt over repertoaret og finne fram att slåttar som ikkje er i bruk lenger. Ho vil lære meir om dei ulike utøvarane historisk og bakgrunnen til dei ulike slåttane. Den rike folkemusikktradisjonen i Jostedalen er påverka av områda kring som Nordfjord og Gudbrandsdalen. Mathilde ønskjer også å sjå på slåttar som har vandra over frå naboområda og også korleis ulike lokale utøvarar spelte.

– Det er eit viktig dokumentasjonsarbeid Mathilde Skjæret ønskjer å fordjupe seg i. Stipendet vil gje ho høve til å kome i gang med dette arbeidet.

Gror fram nye utøvarar

Vestland fylkeskommune har delt ut folkemusikkstipend sidan 2020, men på grunn av pandemien har det ikkje vore fysiske utdelingar før no. Før 2020 delte Hordaland fylkeskommune ut folkemusikkstipend i fleire år.

Folkemusikkstipend kan tildelast musikarar, songarar og dansarar og dei som arbeidar med dokumentasjon, formidling eller instrumentbygging. Stipenda skal gje høve til kunstnarleg utvikling og eksperimentering, og styrke og sikre arbeidet med immateriell og handlingsboren kulturarv.

– Vi er stolte av dei som har jobba støtt gjennom mange år for folkemusikken i fylket, og vi er glade for at det gror fram nye utøvarar, formidlarar og handverkarar, seier avdelingsdirektør Per Morten Ekerhovd.