Sender søknaden om ferjeavløysingsmidlar for Atløysambandet

Planane for Atløysambandet er ferdig kvalitetssikra. No sender fylkestinget søknaden om å få prosjektet inn under ferjeavløysingsordninga for å realisere fastlandsforbindelsen til Askvoll.

kart og illustrasjon som syner kvar brua over Granesunder i det planlagde Atløysambandet kjem.
HER KJEM BRUA: Brua over Granesundet blir den største brua i det planlagde Atløysambandet, 900 meter lang og med 42 meter seglingshøgde. (Illustrasjon: Geodata)

Det var i møtet 22. juni at fylkestinget i Vestland vedtok å sende søknad om ferjeavløysingsmidlar for prosjektet til Statens vegvesen.

Langvarig kamp

Både fylkeskommunen, Askvoll kommune og lokalsamfunnet har kjempa lenge for å få realisert prosjektet som eit ferjeavløysingsprosjekt. At søknaden no blir sendt er ein viktig milepæl.

– Her er det mange som har takla store hinder og vore utrøyttelege i arbeidet med å få prosjektet godkjent. Det har faktisk vore med å forme ferjeavløysingordninga slik ho er i dag, seier fylkesordførar i Vestland Jon Askeland.

– Det er ei stor glede å endeleg sende søknaden!

Sogn og Fjordane fylkeskommune sende førespurnad om førehandsavklaring av prosjektet i 2017, og reguleringsplanen vart vedtatt av kommunestyret i Askvoll kommune i 2020. Ei ekstern kvalitetssikring i 2022 slår fast at prosjektet har eit godt definert innhald, og at estimerte kostnadar stemmer med omfanget. No kan søknad om ferjeavløysingsmidlar sendast.

Tre bruer

Prosjektet Atløysambandet omfattar bygging av fastlandsforbindelse frå kommunesenteret Askvoll til Atløy med tre bruer, i tillegg til vidareføring av veg på fastlandet, på Prestøya, på Nordre og Søre Sauesundøya og på Atløy. Tilhøyrande veg får også sykkel- og gangveg. Den største brua, som er planlagd over Granesundet, vil bli ca. 900 m lang og ha ei seglingshøgde på 42 moh.

– I denne kystkommunen med 3000 innbyggarar vil ny infrastruktur vere eit svært viktig grep i samfunnsutviklinga. Det er aldri feil å bygge bru mellom folk! seier Askeland.

Avklaringar før byggestart

Ferjeavløysingsordninga vil gi eit stort bidrag til fylkeskommunen si finansiering av prosjektet, Atløysambandet er kostnadsrekna til 1,2 milliardar kroner. Ordninga kan gjelde når det blir bygd eit nytt vegsamband med bru eller undersjøisk tunnel som erstattar eller kortar inn eit ferjesamband. No skal søknaden handsamast, og det er Kommunal- og distriktsdepartementet som skal fastsette kor mykje midlar prosjektet vil få. Godkjenninga som ferjeavløysingsprosjekt varer i fire år etter at Samferdsledepartementet har gjort endeleg vedtak om at prosjektet vert inkludert i ferjeavløysingsordninga.

– No vonar vi at søknaden blir raskt handsama, slik at fylkestinget får saka tilbake for endeleg handsaming, seier Askeland.