Satsar på nye grøne arbeidsplassar

– Vi ønskjer å skape nye arbeidsplassar i utsette område, seier utvalsleiar Tor André Ljosland etter at hovudutval for næring har løyvt fire millionar kroner til seks prosjekt i fylket.

Oversiktsbilde over industri i Årdal.
NYTT LABORATORIUM: Årdal har dei siste åra opplevd sterk reduksjon i folketalet. SITEP får no midlar til å etablere eit nytt laboratorium, noko som kan bidra til å utvikle næringslivet og knytte til seg ny kompetanse. Foto: Norsk Hydro.

Vestland fylkeskommune har fått 19 søknader om støtte frå nærings- og utviklingsfondet for utsette område. Seks av dei er i samsvar med retningslinjene for fondet og får støtte.

– Pengane vi tildeler skal bidra til å etablere nye arbeidsplassar i kommunar som opplever vesentleg reduksjon i sysselsettinga og stor nedgang i folketalet. Vi prioriterer område som har stor arbeidsløyse eller utsikter til stor arbeidsløyse, og der enkeltnæringar har stor betydning for sysselsetjinga, seier Ljosland.

Skal utvikle felles laboratorium

Blant dei som no får midlar er selskapet Sitep. Dei får 500 000 kroner for å utvikle laboratoriet Årdal Biolab. Dette skal brukast av aktørane i prosjektet H2FOOD, der sirkulærøkonomi er sentralt. Prosjektet jobbar med å utvikle berekraftig matproduksjon basert på hydrogen og andre energikjelder. Dei vil ta i bruk material og avfallsstraumane knytt til prosessindustrien til å skape ny energi eller nye produkt.

Etableringa av eit felles laboratorium er mellom anna viktig for mindre gründerselskap, ettersom dei slepp tunge investeringar i utstyr og areal. Årdal har dei siste åra opplevd sterk reduksjon i folketalet. Eit laboratorium kan vere med på å snu denne utviklinga, utvikle næringslivet og knytte til seg ny kompetanse.

Bygger vidare på gode erfaringar

Ein annan kommune som har store utfordringar med nedgang i folketal og arbeidsplassar og eit einsidig næringsliv, er Hyllestad kommune. Kommunen får no 861 000 kroner til trinn to i ein tre-trinns plan for omstilling og utvikling.

Den første delen av prosjektet handla i stor grad om å finne nye arbeidsplassar til dei som vart råka då hjørnesteinsbedrifta Havyard måtte redusere tal tilsette med 110 personar. Dette lukkast dei svært godt med. Av dei som miste jobben er berre to utan arbeid. Fire nye bedrifter er starta opp med eller av tidlegare tilsette ved Havyard. Kommunen ynskjer no å bruke erfaringane dei har gjort i trinn to, slik at dei kan utvikle andre og nye næringar i kommunen.

Desse prosjekta får støtte

  • 500 000 kroner til selskapet Sitep som skal utvikle Årdal BioLab.
  • 470 000 kroner til Lutelandet utvikling for forprosjekt om grøn region Fjordane.
  • 861 000 til Hyllestad kommune til næringsutvikling.
  • 465 000 kroner til Høyanger næringsutvikling til studium for å innhente kunnskapsgrunnlag for omstilling og etablering av nye grøne arbeidsplassar.

Røldal og Solund

I tillegg gir hovudutvalet tilskot til to prosjekt der fylkesdirektøren har fått fullmakt til å gjere endeleg tildeling på grunnlag av justert prosjektplan. Dei to prosjekta er:

  • 800 000 kroner til Røldal reiselivslag til å utvikle fjellbygda i Hardanger.
  • 900 000 kroner til Solund kommune til treårig prosjekt for næringsutvikling, mangfald i næringslivet og fleire arbeidsplassar i kommunen.

Omstilling og utvikling

Hovudutval for næring tildeler midlar frå fondet ein gong i året.

– Midlane frå fondet skal legge til rette for omstilling og utvikling i kommunar og område med utfordringar, som kan føre til langvarige konsekvensar for næringsliv, busetjing og sysselsetjing. Det er stor breidde i prosjekta, både for innhald, kostnadsramme, og kven som søkjer, seier utvalsleiar Tor André Ljosland.

For meir informasjon, følg denne lenka og sjå saksframlegget for sak 24/2022.