Robotteknologi på veg inn i skulen
– Vi har kjøpt to robotar til skulen, men vi er ikkje komne skikkeleg i gang, seier lærarar ved Fusa vidaregåande skulen. Robotteknologi er på veg inn i undervisinga. På planleggingsdagen 4. november fekk lærarar frå heile fylket innføring i den nye teknologien.

Robotteknologi er som eit verktøy og blir brukt i jobbar som anten er kjedelege, ved gjentakande repetering av arbeidsoppgåva, eller er skitne eller farlege. Den høver for arbeidsoppgåver som kan automatiserast.

Kompetanse til grøn omstilling
Kompetansenettverket for teknologi- og industrifag (TIF) i dei vidaregåande skulane i Vestland var arrangør. Samlinga var på Osterøy vidaregåande skule som tidlegare i år fekk eit kompetansesenter for robotteknologi.
– Kompetansesenteret skal syte for at vi får framtidsretta og relevant opplæring. Vi skal sikre rekrutteringa til bransjen innan robotisering og automatisering. Vi skal og gje ungdommen kompetanse til å bidra til grøn omstilling som alle bedrifter skal gjennom, seier Vidar Tufteland, tidlegare rektor på skulen og no prosjektleiar for kompetansesenteret.

Tett samarbeid med bransjen
Kompetansesenteret har tett samarbeid med arbeidslivet, bransjen, skulane, verkemiddelapparatet, klyngar og kompetansemiljø.
– Vi er mange aktørar som må samarbeide for å lukkast. Mange bedrifter manglar folk med rett kompetanse, og mangelen er spesielt stor innan industrifag. Mange arbeidsoppgåver høver for robotisering. Til dømes å skru inn ei skrue vil bli meir effektiv og nøyaktig om ein robot gjer jobben.

Må vite kva det er for noko
Mange av dei vidaregåande skulane i fylket har alt kjøpt inn robotar for bruk i undervisinga av elevane. Fusa vidaregåande skule har to robotar.
– Vi har ein robot på verkstaden og ein mindre robot til bruk i undervisinga i klasserommet. Men vi har ikkje brukt dei så mykje. Vi er ikkje komne skikkeleg i gang, men elevane er svært interessert i robotteknologi. Den er på veg inn i undervisinga, men vi må få vite meir om kva dette er for noko, seier Helge Mjånes og Ole Christian Dale ved Fusa vidaregåande skule.

God innføring
Og god innføring i robotteknologien fekk dei rundt 40 lærarane som deltok på samlinga på Osterøy vidaregåande skule. Skulen har fått robotutstyr for to millionar kroner i samband med at kompetansesenteret er plassert der. På fem arbeidsstasjonar fekk lærarane prøve robotane og korleis programmere dei. Undervisingsopplegg vart diskutert, og dagen vart avslutta med besøk på ei bedrift som nyttar robotar i produksjonen.
– Utfordringa er at det står robotar ute på skulane og støvar ned. Lærarane har ikkje tid til å setje seg inn i teknologien. Men no er robotteknologi komen inn i læreplanen. Det er ein del av pensum elevane skal gjennom. Denne nye teknologien tek elevane fort. Dei er i gang etter nokre få timar. Det er slutt på å måtte ha kompetanse i avansert koding og programmering. No er det nok med nokre få tastetrykk, seier Tufteland.

Er ikkje skummelt
Frode Utkilen er kontaktlærar for vg2-klassen på Osterøy vidaregåande skule. Han er også ein av leiarane i kompetansenettverket for teknologi- og industrifag.
– Robotteknologi er i alt for liten grad blitt brukt i skulen. Det blir sett på som litt skummelt. Men robotisering er for alle. Det er enkelt. Arbeidslivet bruker dette. Og vi må gje elevane relevant opplæring, slik at dei kan gå rett ut i jobb. Vi har også godt samarbeid med bedriftene, slik at elevane våre blir kjent med utstyret dei har.

Arbeidspraksis i turnus
Elevane på vg2 går i ein turnus ein dag i veka gjennom heile skuleåret der dei er utplassert i bedrift. Dei får prøve seg i fem bedrifter på Osterøy.
– På denne måten skal dei finne kva fag dei vil gå i lære i. Siste skuleår fekk 90 prosent av elevane læreplass. Dette skuleåret har vi tru på at alle skal få lære. Bedriftene tek godt imot elevane, og vi har laga detaljert plan for lære. Men det er alltid nokre som er usikre, vil ta påbygg eller ta militærteneste. Elevane har mange val vidare, seier Frode Utkilen.

Skal gje gode råd
Kompetansesenteret for robotteknologi er finansiert som eit prosjekt over tre år med god støtte frå næringslivet på Osterøy og Vestland fylkeskommune.
– Prioritet nummer ein er å få ungdommane til å fullføre skule og utdanning, slik at dei får seg framtidsretta arbeid. Vi skal gje dei gode råd på vegen. Rekrutteringa til teknologi- og industrifag er god. Vi har gode samtalar med bedriftene og har fått til tettare samarbeid. Bedriftene har betre utstyr enn skulane, og det er viktig at dei får opplæring der, seier Vidar Tufteland.
Tredje størst
Siste skuleår var teknologi- og industrifag det tredje største programområdet i den vidare skulen i Vestland med 1925 elevar. Helse- og oppvekstfag hadde 2236 elevar, mens studiespesialisering er størst med 7547 elevar.
Målt i løpande lærekontraktar er teknologi- og industrifag nest størst i fylket med 1380 lærekontraktar. Berre bygg- og anleggsteknikk er større med 1601 lærekontraktar.