Overlevde krig i Irak og Utøya – fekk den første litteraturprisen til Årstad vgs.
– Ho er i særklasse. For oss i juryen var det klart kven som skulle vinne, seier elevar ved Årstad videregående skole som delte ut Gullkroken-prisen til Lara Rashid for boka «Hold meg til jeg sovner».

Dei tre elevane Karen Sofie Bergslid, Maria Nyhammer og Aleksandra Wiik delte ut den første litteraturprisen til Årstad vgs på den internasjonale litteraturfestivalen i Litteraturhuset i Bergen 9. februar. Gullkrokenprisen er eit samarbeid mellom skulen, elevane og litteraturhusfestivalen.
«Hold meg til jeg sovner» er ein dokumentar om livet til Lara Rashid frå oppveksten som kurdar i Irak med krig og terror. Familien kom som flyktningar til Noreg, mor, far og tre barn. Lara og storesyster Bano var på Utøya 11. juli 2011 og opplevde terror på nytt i det som skulle vere trygge, gode Noreg. Bano vart skoten og drepen, mens Lara overlevde.

Sterk og rørande
– Boka er ei sterk og rørande historie om livet hennar. Ho skildrar sterkt korleis krig og elendigheit kan påverke eit menneske og ein familie. Men også korleis det går an å ta tak i livet med å gå frå å overleve til eit liv i håp og kjærleik, seier Karen Sofie Bergslid, Maria Nyhammer og Aleksandra Wiik.
Boka er delt inn i tre delar: Om livet i Kurdistan, det å kome til Noreg, og det som skjedde på Utøya.
– Det vi synest er mest viktig, er at boka fungerer som ei påminning om at vi ikkje veit kva historier menneske har inni seg. Vi må difor behandle kvarandre med respekt og kjærleik, uavhengig av bakgrunn. Vi veit aldri kva som kjem til å skje frå dag til dag. Dette kjem godt fram i boka. Og på Årstad, som ein fleirkulturell skule med stort mangfald, passar denne boka øvst og fremst i bibliotekhylla vår, seier Karen Sofie Bergslid, Maria Nyhammer og Aleksandra Wiik.

Ei stor ære
Lara Rashid var glad og overvelda over heideren. Ho deltok på ein videolink under utdelinga i Litteraturhuset.
– Tusen takk. Dette var veldig stort. Det er ei stor ære å ta imot prisen. Mykje av boka handlar om då eg var like gamal som de og korleis det er å snakke om det som er vanskeleg. Eg skriv om det som har vore inni meg lenge, om alt det vanskelege, men det er ikkje berre svart-kvitt. No er eg ikkje opptatt av å vere ein god overlevande lenger, seier Lara Rashid.
Historia blir høyrd
Det å skrive ein dokumentar om eiga liv og familien vart ei god oppleving både for Lara Rashid og familien.
– Mange skriv slike bøker som familien ikkje likar. Under skrivinga snakka eg med mamma og pappa, og eg skjøner dei betre no. Tilbakemeldingane frå dei er gode. Dei er veldig stolte. Dei føler at dei har fått ei stemme gjennom boka som dei ikkje har hatt før. Dei er veldig glade for deira historie som kurdarar er komen fram. No er historia deira blitt høyrd, seier Lara Rashid.
I premie fekk forfattaren eit lino høgtrykk med grafisk design av Martin Halleraker som er elev ved Årstad videregående skole.
Årleg leseaksjon
Gullkroken-prisen er eit resultat av den årlege leseaksjonen ved skulen.
– Vi har nominert og lese seks bøker, hatt gruppeoppgåver og individuelle oppgåver. Ikkje alle av oss har lese så mykje bøker før, men vi har hatt stort utbyte. Det at vi er fire klassar som har gjort dette i lag, har vore positivt. Vi har høyrt om andre sine meiningar og kjem til å lese vidare, seier Karen Sofie Bergslid, Maria Nyhammer og Aleksandra Wiik.
I juryen for Gullkrokenprisen har dei fire klassane på vg3 studiespesialisering vore med, ein klasse studiespesialisering, to klassar påbygg og ein klasse kunst, design og arkitektur.
Dei nominerte bøkene til den første Gullkroken-prisen er:
Marianne Clementine Haaheim: Plikt (roman)
Frode Grytten: Gut, jente, juni, juli (noveller)
Nils Øyvind Haagensen: Sangria i parken (noveller)
Lara Rashid: Hold meg til jeg sovner (dokumentar)
Nora Dåsnes: Ubesvart anrop (grafisk roman)
Ninni Nyhus: Jeg fant en måne i navlen (dikt)