Oppmodar til frivillig arkivinnsats i Frivilligåret 2022

Vestland fylkeskommune markerer frivilligåret 2022 på mange vis, blant anna ved å rette søkjelyset mot det store dugnadsarbeidet som blir gjort for å sikre kunnskapen om den nære fortida.

Svart og kvitt bilete av båtar i hamn. Foto.
SENTRALT ARKIV: Ein stille søndag i Florø hamn under sildefisket i feburar 1953. Malvin Horne sitt arkiv er ei av dei største og viktigaste kjeldene til storsildfisket på 1950-talet. (Foto Malvin N. Horne/Fylkesarkivet)

Fylkeskommunen tek var på, gjer tilgjengeleg og formidlar både offentleg og privat kjeldemateriale. Men korleis er det for publikum å finne fram i materialet, og kva rettar er knytt til det? Og kva innsats har frivillige gjort i forkant?

– Vi har eit stort publikum. Det spenner frå lokale sogelag og historisk interesserte enkeltpersonar til større institusjonar som bibliotek og museum. Og vi vil gjerne hjelpe dei å finne fram i og bruke materialet vårt rett. Arkivmaterialet får størst verdi når det blir brukt og formidla vidare. I tillegg er vi avhengige av privatpersonar, historielag og andre for tilfang av materiale til arkiv våre, seier Arnt Ola Fidjestøl, seksjonssjef for arkiv i Vestland fylkeskommune.

Webinar om lokal medverknad

Seksjon for arkiv og seksjon for bibliotekutvikling har i fellesskap løfta fram det store dugnadsarbeidet som skjer for å sikre kunnskapen om den nære fortida vår. I mars arrangerte dei eit webinar med tema lokal medverknad i kjeldearbeid.

90 deltakarar frå sogelag, bibliotek, museum og lokalhistorisk interesserte i kommunane deltok. Programmet strekte seg frå reglar om opphavsrett og registreringsarbeid til det å bruke livsminneintervju som kjelde. Fotoarkivet etter florøfotografen Malvin Horne og arbeidet med dette vart brukt som døme. Her har det gått føre seg eit omfattande arbeid med å identifisere personar og stadar.

Historisk bilde frå Amtskaia i Florø 8. mai 1945. Foto.
FRED: Folk samla seg på Amtskaia i Florø hamn 8. mai 1945 for å ta imot ubåtjagaren Vigra. Vigra var ein del av Shetlandsbussen, den norske marineavdelinga som organiserte trafikk med båtar mellom Shetland og vestkysten av Noreg under andre verdskrig. (Foto Malvin N. Horne/Fylkesarkivet)

– I slike tilfelle spelar frivillige ei svært viktig rolle. Vi er avhengige av at nokon kjenner att personar og stadar for å gje meirverdi til bilda. I tillegg gjer frivillige som vi samarbeider med ofte ein stor praktisk innsats ved til dømes å hente inn, ordne og pakke materiale, fortel Fidjestøl.

Korrekturdugnad for kyrkjebøker

Frivilligåret 2022 er forankra i frivilligmeldinga til regjeringa og vert markert på ulikt vis rundt om i landet. Vestland fylkeskommune har oppretta ei eiga tilskotsordning i samband med året, i tillegg til ein frivilligkonferanse, og at det skal delast ut ein frivilligpris.

– Frivillige gjer ein stor innsats på ein del område vi kanskje ikkje tenkjer over til dagleg, og innsatsen med å sikre historia vår for ettertida er gjerne eit slikt område. Frivillige spelar ei viktig rolle for å sikre materiale som seinare kan brukast til blant anna historisk forsking og formidling, slår Fidjestøl fast.

På webinaret i mars deltok også arkivar Marianne Herfindal Johannessen frå Arkivverket. Ho løfta fram innsatsen frivillige gjer i transkriberinga av kyrkjebøker. Dette er eit stort arbeid, og Johannessen etterlyste fleire deltakarar som kan vere med å lese korrektur av transkriberte kyrkjebøker. Det er arbeid som Arkivverket sjølv ikkje rekk over, der frivillige kan gjerne ein viktig innsats.

Ønskjer du å vere med på korrekturdugnad for transkriberte kyrkjebøker? Les meir her.