Ny teknologi kan gi utsleppsfrie hurtigbåtar tidlegare
På dei lange hurtigbåtrutene mellom Bergen, Sogn/Flåm og Nordfjord kan ny teknologi gje tidlegare utsleppsfrie båtreiser enn kva ein trudde var mogleg for kort tid sidan. Fylkesutvalet gjev difor Skyss høve til marknadsdialog med leverandørane knytt til ny teknologi i forkant av utlysing av anbod.

– Utsleppa frå båtrutene i Vestland skal kuttast, men på dei lange hurtigbåtsambanda har vi ikkje hatt teknologi for nullutslepp. Heldigvis er norsk maritim industri i front med å utvikle nye løysingar. Mellom anna vert det arbeidd med innovativt skrogdesign og hydrogenløysingar i Fremtidens hurtigbåt. Skyss vil leggje til rette for at dei nye løysingane kan takast i bruk så fort som råd, og sikre ein forsvarleg konkurranse. Då kan hurtigbåtane verte meir miljøvenlege, seier Askeland.
Viktig med god dialog med marknaden
– Utvikling av batteribyteløysing er eit døme på at nye tekniske løysingar kan dukke opp raskt. Vi må ha dialog med marknaden for å få avklart relevante tekniske løysingar, tilretteleggingsbehov, tidsbehov for fartøy og etablering av infrastruktur. Dette må vi få avklart før vi lyser ut anboda, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Fylkesutvalet har gitt Skyss i oppdrag å utfordre marknaden om kor tidleg nullutsleppsteknologi kan takast i bruk og kva tilrettelegging som krevst. For eitt år sidan hadde Skyss klart eit grunnlag for anbod på hurtigbåtane mellom Bergen, Sogn/Flåm og Nordfjord basert på ei hybridløysing mellom elektrisk og konvensjonelt drivstoff. Det var ei føresetnad at Enova gav 75 millionar kroner i støtte. Men Enova sa nei, og anbodet vart difor ikkje lyst ut.
Ny politisk sak før anbod går ut
Etter vedtaket i fylkesutvalet skal Skyss jobbe vidare med grunnlaget for anbod. Så snart som råd skal Skyss kome attende med ei ny politisk sak om dette, som kan danne grunnlag for utlysing av anbod. Eit slikt anbod vil omfatte hurtigbåten mellom Bergen, Sogn og Flåm, samt hurtigbåten mellom Bergen og Nordfjord.